Innsending av årsrekneskap

Sist oppdatert: 30. januar 2017.

Du sender inn årsrekneskapen på Rekneskapsregisteret sine skjema i Altinn. Alle innsendingspliktige einingar skal sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret seinast 31. juli. Det er ikkje mogeleg å få utsett fristen for innsending.

Om eininga ikkje overheld fristen, kjem det eit gebyr som kan bli 54 548 kroner.

Når du har sendt inn årsrekneskapen, vil du få tilbakemelding i meldingsboksen i Altinn og på e-post.
Om du har sendt inn årsrekneskap innan fristen, vil du få to veker til å rette opp feil eller manglar utan at dette fører med seg forseinkingsgebyr.

Innsending av årsrekneskap til Rekneskapsregisteret må gjerast i tillegg til innsending av sjølvmelding til Skatteetaten.