Registreringsplikt i Føretaksregisteret

Sist oppdatert: 4. desember 2018 .

Alle enkeltpersonføretak kan registrere seg i Einingsregisteret, og får då eit organisasjonsnummer.

Du har plikt til å registrere enkeltpersonføretaket ditt i Føretaksregisteret dersom du

  • driv handel med varer som er innkjøpt for vidare sal,
  • driv eit betalingsføretak,
  • har fleire enn fem tilsette i stilling kor dei jobbar meir enn 20 timar per veke, eller
  • skal ta pant i varelager, motorvogner og anna der det krevst at pantsettar er næringsdrivande

Dersom du driv med næringsverksemd, men ikkje oppfyller nokon av desse kriteria, har du ikkje plikt til å registrere føretaket i Føretaksregisteret, men du har rett til å gjere det om du ønsker.

Ved registrering i Føretaksregisteret vil føretaket få ein firmaattest. Det kjem gebyr på registrering i Føretaksregisteret. Du finn oversikt over gebyrsatsane under Nyttige lenker, til høgre på denne sida.