Ofte stilte spørsmål om enkeltpersonføretak

Sist oppdatert: 24. juli 2017 .

Enkeltpersonføretak er ei sjølvstendig næringsverksemd som blir driven under fullt personleg ansvar av ein person. For at du skal kunne registrere enkeltpersonføretaket, er du nøydd til å drive med næringsaktivitet. Dette er aktivitet som er eigna til å ha eit visst omfang og ei viss lengd.

Korleis veit eg om eg driv næringsverksemd?

Ved vurdering av om enkeltpersonføretaket driv sjølvstendig næringsverksemd, blir det lagd vekt på

  • kva aktivitet føretaket driv med og omfanget av denne
  • kor mykje tid som går med til å drive føretaket
  • innsats av arbeidskraft
  • kor stor den økonomiske omsetninga er

Aktivitetar som blir rekna som reine eingongshendingar eller hobbyverksemd blir ikkje definert som næringsverksemd, og kan derfor ikkje bli registrert som enkeltpersonføretak.

Eksempel på hobbyverksemd

  1. Per jobbar på heiltid som lærar og snekrar fuglebur på fritida. Desse ønsker han å selje på den årlege julemarknaden i byen for å dekke utgiftene til fuglebura. Dette blir rekna som hobbyverksemd og er ikkje næringsverksemd.
  2. Liv driv med hobbyfotografering og tek nokre små oppdrag som av og til gir litt inntekt. Ho har ikkje tenkt å starte føretak, men driv ei hobbyverksemd som ho kan tene litt pengar på.

Når blir dette næringsverksemd?

  1. Salet av fuglebura blei ein suksess og Per har fått mange førespurnader både frå fjern og nær. Han snekrar heile året og bruker størsteparten av fritida si på snekringa av fuglebura. No ønsker han å selje på fleire julemarknader, og han ser på moglegheitene for å få dette som ei ekstra inntektskjelde. Denne aktiviteten ønsker han å fortsette med fleire år på rad og kanskje utvide til andre produkt. Planen på lang sikt er å drive med dette på heiltid.
  2. Fordi Liv er ein god fotograf får ho mange førespurnader frå både privatpersonar og næringslivet. Tida som går med til foto og administrering av oppdraga aukar monaleg. Liv ser no moglegheita til å kunne satse på fotografering som hovudinntektskjelda si.
Kostar det noko å registrere eit enkeltpersonføretak?

Om du berre skal registrere enkeltpersonføretaket i Einingsregisteret, er dette gratis. Skal du registrere det i Føretaksregisteret, vil du få eit gebyr.

På sida Registreringsplikt i Føretaksregisteret finn du informasjon om når eit enkeltpersonføretak må registrerast i Føretaksregisteret.

Korleis blir eg registrert i Meirverdiavgiftsregisteret?

Registrering i Meirverdiavgiftsregisteret er ein del av Samordna registermelding. Når du har seld varer eller tenester for meir enn 50 000 kroner i løpet av ein periode på 12 månader, må du registrere enkeltpersonføretaket i Meirverdiavgiftsregisteret. Dette gjer du via Samordna registermelding.

Skjemaet skal også brukast ved endring, opphøyr, nedlegging eller overføring av avgiftspliktig næringsverksemd.

Du finn meir informasjon om Meirverdiavgiftsregisteret hos Skatteetaten.

Eg har flytta. Kva må eg gjere?

Om føretaket ditt endrar forretningsadresse eller postadresse må du registrere ny adresse ved  å sende inn Samordna registermelding.

Ny forretningsadresse

Forretningsadressa er den same som gjestingsadressa til føretaket. Du må gi opp norsk adresse, med namn på gate eller veg, eventuelt stadnamn.

Ny postadresse

Du er ikkje nøydd til å melde ei eiga postadresse, men om du ønsker posten send til ei anna adresse enn forretningsadressa, kan du melde dette som postadresse.

Kan enkeltpersonføretaket endre innehavar?

Eit enkeltpersonføretak kan ikkje overdragast frå ein innehavar til ein annan. Grunnen til dette er at innehavar er identifisert gjennom føretaket sitt, og har fullt personleg ansvar for gjeld og plikter føretaket har.

Det er berre ved uskifte eit enkeltpersonføretak kan skifte innehavar.

Korleis endrar eg enkeltpersonføretaket mitt til eit AS?

Du kan ikkje registrere direkte omdanning frå enkeltpersonføretak til aksjeselskap. Du må derfor

  1.  registrere det nye aksjeselskapet
  2.  slette enkeltpersonføretaket

For at omdanninga skal kunne vere skattefri, må aksjeselskapet vere stifta og melding om dette sendt til Føretaksregisteret i løpet av tidsrommet mellom 1.januar og utgangen av juni i inntektsåret, og det må vere gjennomført skattetrekk og utrekna arbeidsgivaravgift seinast frå 1. juli.

Les meir om skattefri omdanning under Starte og drive bedrift i Altinn.