Avslutte enkeltpersonføretak

Sist oppdatert: 23. mars 2018 .

Om næringsverksemda opphøyrer, skal enkeltpersonføretaket slettast.

Du sletter enkeltpersonføretaket ditt ved å sende inn Samordna registermelding. Kryss da av for «sletting av eining».

Det er ingen vedleggskrav. Slettinga er gratis.

Slette eit enkeltpersonføretak der innehavar er død

Om enkeltpersonføretaket er registrert i Føretaksregisteret, må melding om sletting signerast av ein person som representerer buet. Du må legge ved skifte- eller uskifteattest.

Om enkeltpersonføretaket ikkje er registrert i Føretaksregisteret, kan melding om sletting signerast av pårørande eller bustyrar. Her er det ikkje krav til vedlegg.

Det er ikkje mogleg å nytte elektronisk skjema ved melding om sletting der innehavar er død. Du må da bruke skjema for sletting.