Roller i tingsrettsleg sameige

Sist oppdatert: 15. januar 2018 .

Dersom sameiget har styre, må dette registrerast. Dersom styre ikkje er valt, må du føre opp ein person som dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar.

Dagleg leiar, kontaktperson og forretningsførar

Eit tingsrettsleg sameige må føre opp ein person i rolla som dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar dersom dei ikkje har styre. Sameiget kan berre få registrert ei av desse rollene.

Styre

Eit tingsrettsleg sameige kan velje å ha eit styre. Det er sameigarmøte som vel styre.

Det må gå fram av vedtekter/avtale at sameiget skal ha eit styre, korleis dette skal veljast og kva fullmakt styret skal ha.

Når du skal registrere styre, må du legge ved

  • vedtekter/avtale
  • protokoll frå sameigarmøte
Signatur

Signatur i eit tingsrettsleg sameige kan bli tildelt ved samrøystes avtale mellom sameigarane, eller i vedtektene.