Registrere tingsrettsleg sameige

Sist oppdatert: 7. mai 2018 .

Her finn du det du treng for å registrere tingsrettslig sameige.

Eit tingsrettsleg sameige blir ikkje stifta, men oppstår når to eller fleire eig noko saman.

Når du skal registrere eit tingsrettsleg sameie, må du legge ved

  • dokumentasjon som viser at det finst eit sameige (dette kan vere ein kopi av eit skøyte, ein avtale eller eit testamente)

Dokumentasjonen skal innehalde informasjon om kva som er sameigetingen, kven som er sameigarar, sameigebrøken og kva ansvar sameigarane har.

Se eksempel på innhald i sameigeavtale (pdf)

Om sameiget skal ha styre, må du også legge ved

  • vedtekter, eller avtale, som viser at sameiget skal ha eit styre, korleis dette skal veljast og kva myndigheit det skal ha
  • underskriven protokoll frå sameigarmøte som viser val av styre

Se eksempel på innhald i sameigeavtale (pdf)