Slik registrerer du endringar for samvirkeføretak

Sist oppdatert: 27. september 2018 .

Dersom du ønsker å gjere endringar på den informasjonen som er registrert på føretaket, kan du gjere dette ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.

Korleis registrerer eg ny adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.

Ny forretningsadresse

Forretningsadressa til eit samvirkeføretak skal vere ei norsk gateadresse eller eit norsk stadnamn.

Adressa må høyre til den kommunen som står i vedtektene til føretaket. Dersom adressa til føretaket skal flyttast til ein annan kommune, må også vedtektene endrast. Ei slik endring må godkjennast av årsmøtet.

Ved endring til ny kommune må du legge ved

  • oppdaterte vedtekter
  • protokoll frå generalforsamlinga

Ny postadresse

Du er ikkje nøydd til å melde ei eiga postadresse.  Dersom du ønsker posten tilsend til ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse.

Korleis registrerer eg nytt styre?

Når føretaket har vald nytt styre, skal dette meldast i Samordna registermelding.

Styret blir vald av årsmøtet.

Du må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet, som viser kven som er valde i det nye styret

Nye medlemmar må stadfeste at dei tek på seg oppdraget. Dette gjør dei ved å signere Samordna registermelding.

Dersom føretaket skal fråvike hovudregelen om å ha minst tre styremedlemmar, må du legge ved vedtekter som viser at dette er vedteke.

Korleis kan eg fråtre rolla mi i føretaket?

Alle rolleinnehavarar kan melde eigenfråtreding. Når du fråtrer, gir du avkall på alle rettigheiter og plikter som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding. Når fråtredinga er registrert, vil både samvirkeføretaket og du som fråtrer bli varsla om dette.