Registrere eit samvirkeføretak

Sist oppdatert: 12. oktober 2018 .

Eit samvirkeforetak skal registrerast i Føretaksregisteret.

Frist for registrering er tre månader frå stiftelsesdokumentet er skrive under. For å registrere føretaket, må du sende inn skjemaet Samordna registermelding.

Vedleggskrav

Når du skal registrere eit samvirkeføretak må du sende inn fleire dokument.

Dokument du alltid må legge ved når du skal registrere eit føretak er

  • stiftelsesdokument med vedtekter

Ved innskot i pengar må du legge ved

  • erklæring frå revisor eller finansinstitusjon som viser innbetaling av innskot i samband med stiftelsen

Ved tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar) må du legge ved

  • opningsbalanse som er underteikna av stiftarane
  • erklæring frå revisor angåande innbetaling av innskotskapital

Dersom føretaket har bank- eller forsikringsverksemd som formål, må du legge ved

  • godkjenning frå Finanstilsynet

Hugs å signere i skjemaet

Styremedlemmer og eventuelt revisor og rekneskapsførar må stadfeste at dei tar på seg vervet. Dette gjer dei ved å signere i Samordna registermelding.

IkonSjå eksempel på stiftelsesdokument for Samvirkeføretak (PDF)