Samvirkeføretak (SA)

Sist oppdatert: 26. januar 2018 .

Eit samvirkeføretak er ei samanslutning med hovudformål å fremme medlemmane sine økonomiske interesser.

Medlemmane fremmar sine økonomiske interesser ved at dei tek del i verksemda til føretaket, enten som forbrukarar, leverandørar eller på annan liknande måte.

Avkastninga i eit samvirkeføretak blir verande i verksemda, eller fordelt mellom medlemmane på bakgrunn av omsetninga deira med føretaket. Ingen av medlemmane har personleg ansvar for føretaket sine forpliktingar.