Slik registrerer du endringar for NUF

Sist oppdatert: 6. mars 2018 .

Du kan i dei fleste tilfelle gjere endringar på den informasjonen som er registrert på ditt NUF ved å sende inn Samordna registermelding.

For føretak som er registrert i Føretaksregisteret, vil det ikkje vere mogleg å nytte elektronisk skjema dersom det ikkje finst registrert, eller det blir meldt, ein dagleg leiar, norsk representant, styre for den norske verksemda eller ein person med signaturrett.

Det er ikkje mogleg å nytte elektronisk skjema når du skal melde endringar eller nye opplysningar som gjeld føretaket i heimlandet.

Papirskjemaet du må nytte for innsending av endringar finn du under Nyttige lenker til høgre på denne sida.