Sletting av NUF

Sist oppdatert: 9. april 2018 .

I dei fleste tilfelle kan du melde sletting av NUF ved å sende inn Samordna registermelding.

Du må legge ved

  • protokoll frå dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å avgjere avvikling av verksemda i Noreg

Dersom det utanlandske føretaket er sletta i heimlandet sitt register, må du legge ved slettestadfesting frå utanlandsk føretaksregister eller annan tilsvarande dokumentasjon.

Ikkje alle kan nytte elektronisk skjema

For føretak som er registrerte i Føretaksregisteret vil det ikkje vere mogleg å nytte elektronisk skjema dersom det ikkje finst registrert ein dagleg leiar, norsk representant, styre for den norske verksemda eller ein person med signaturrett.

Papirskjemaet du må nytte ved sletting av NUF heiter Forenkla registermelding – Skjema for sletting. Dette finn du under Nyttige lenker til høgre på denne sida.