Roller i NUF

Sist oppdatert: 4. oktober 2018 .

Her finn du ei oversikt over kva roller eit norskregistrert utanlandsk føretak må registrere hos oss.

Som hovudregel skal alle personar som blir registrert med ei rolle gi opp fullstendig fødselsnummer eller d-nummer. Unntaket er styret og deltakarar i heimlandet. Juridiske personar som har roller skal også gi opp organisasjonsnummer. Døme på juridiske personar er aksjeselskap og ansvarlege selskap.

D-nummer er eit eget nummer som identifiserer utanlandske personar utan norsk fødselsnummer.

Når du skal søke om d-nummer, må du bruke skjemaet «Anmodning om tildeling av d-nummer». Dette finn du under Nyttige lenker til høgre på denne sida. I tillegg må du legge ved kopi av gyldig legitimasjonsdokument som inneheld bilde, fullt namn, fødselsdato, kjønn, utløpsdato og statsborgarskap. Informasjon om kven som kan stadfeste kopi av legitimasjonsdokument finn du i skjema.

Dagleg leiar, forretningsførar eller kontaktperson

Eit NUF må ha dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar. Føretaket har ikkje plikt til å ha dagleg leiar, men dersom det har dagleg leiar for verksemda i Noreg, må dette meldast.

Når du skal registrere dagleg leiar i Føretaksregisteret, må du legge ved

  • dokumentasjon som viser utnemning/tilsettig av dagleg leiar

Når du skal registrere kontaktperson, må du legge ved

  • stadfesting på at kontaktpersonen har tilknyting til det utanlandske føretaket.

Stadfestinga skal vere frå det utanlandske føretaket. Om det er meldt eit føretak som norsk representant, og den meldte kontaktpersonen er tilsett hos representanten, kan representanten stadfeste kontaktpersonen si tilknyting til det utanlandske føretaket.

Det er ingen krav til vedlegg for å registrere dagleg leiar eller forretningsførar i Einingsregisteret.

Norsk representant

Utanlandske føretak utan fast forretningsadresse/driftsstad i Noreg, og som kjem inn under meirverdiavgiftslova sine føresegner, må melde norsk representant. Dette kravet gjeld ikkje for føretak heimehøyrande i ein EØS-stat som Noreg har inngått avtale med om utveksling av opplysningar og gjensidig hjelp til inndriving av meirverdiavgiftskrav. Andre utanlandske føretak utan fast forretningsadresse i Noreg kan også melde norsk representant.

Kven kan vere norsk representant?

Den norske representanten kan vere ein fysisk eller juridisk person. Representanten må ha heimstad eller ei forretningsadresse i Noreg. Dersom den norske representanten er ein juridisk person, må det i tillegg meldast ein kontaktperson.

Personar med d-nummer og norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) utan norsk forretningsadresse kan ikkje vere norsk representant.

Når du skal registrere norsk representant, må du legge ved

  • Dokumentasjon frå det utanlandske føretaket som viser oppnemning av den norske representanten
  • Stadfesting frå den norske representanten som viser at han har tatt på seg oppdraget

Dersom den norske representanten signerer Samordna registermelding, treng du ikkje å legge ved ei eiga erklæring.

Styre og deltakar

Styre i Noreg

Dersom det er vald eit eige styre for den norske verksemda, skal dette meldast i skjema med namn, adresse og fødselsnummer eller d-nummer på alle styremedlemmar.

Ved registrering i Einingsregisteret må du legge ved

  • Protokoll frå dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å velje styre for den norske verksemda

Ved registrering i Føretaksregisteret må du legge ved

  • protokoll fra dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å velje styre for den norske verksemda
  • originale erklæringar fra dei nye styremedlemmane, som viser at dei tar på seg oppdraget

Dersom styremedlemmane signerer Samordna registermelding, treng du ikkje å legge ved eigne erklæringar.

Styre i heimlandet

Dersom føretaket har styre i heimlandet, skal alle desse meldast med namn, adresse og fødselsdato.

Deltakarar i heimlandet

Dersom føretaket har deltakarar i heimlandet, skal alle desse meldast med namn, adresse og fødselsnummer.

Rekneskapsførar og revisor

Om den norske verksemda har eigen autorisert norsk revisor eller rekneskapsførar, må du melde dette i skjema. Revisor eller rekneskapsførar må stadfeste at dei tar på seg oppdraget, dette gjer de ved å signere i skjemaet.

 

Signatur og prokura

Signatur er ei fullmakt til å opptre på vegner av selskapet i alle samanhengar.

Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av føretaket i nokre samanhengar. Prokura kan ikkje brukast til å hefte eller selje føretaket sin faste eigedom.

Kva for signatur og prokura kan registrerast?

Signatur og prokura kan tildelast namngitte personar, dagleg leiar i Noreg eller styret for den norske verksemda. Dersom fleire har signatur eller prokura, må det gå klart fram om dei har retten kvar for seg eller i fellesskap. Vi kan ikkje registrere andre avgrensingar i signatur og prokura. Det tyder at det til dømes ikkje er mogleg å registrere signatur og prokura som berre gjeld for den norske verksemda.

Når du skal melde signatur må du legge ved

  • Dokumentasjon som stadfester signatur som er meldt, til dømes registreringsbevis frå heimlandet sitt register, vedtekter eller protokoll frå dei i heimlandet som har myndigheit til å tildele dette