Registreringsplikt i Føretaksregisteret for NUF

Sist oppdatert: 6. mars 2018 .

Utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel skal vere registrert i Føretaksregisteret.

Næringsverksemd er verksemd som er eigna til å gi avkastning, og har ei viss varigheit og omfang. Føretaket ditt driv næringsverksemd dersom det har ei omsetning på 50 000 kroner eller meir i løpet av ein periode på 12 månader, og drifta går føre seg i meir enn 90 dagar.

Verksemd i Noreg

Eit utanlandsk føretak må drive næringsverksemd i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel for å få registreringsrett i Føretaksregisteret. Det er ikkje nokon klar grense for når eit føretak blir rekna å drive verksemd i Noreg.

Dette er spørsmål som kan vere til hjelp for å finne ut om føretaket ditt driv næringsverksemd i Noreg:

  • Har føretaket tilsette i Noreg?
  • Inngår føretaket avtalar/kontraktar i Noreg?
  • Har føretaket varelager i Noreg?
  • Har kunden eit inntrykk av å handle med eit føretak i Noreg?
  • Blir tenesta utført i Noreg?

Det er ikkje eit vilkår for registrering i Føretaksregisteret at føretaket har norsk forretningsadresse.

Eksempel på føretak som på grunn av verksemda si ikkje vil ha registreringsrett i Føretaksregisteret er

  • føretak som berre driv med rein kapitalplassering i Noreg
  • føretak som er deltakar i norske føretak
  • føretak som driv netthandel der handelen ikkje primært er retta mot norske kundar, og kor føretaket ikkje har varelager eller tilsette i Noreg
  • føretak som treng organisasjonsnummer for å opprette norsk bankkonto