Registrere eit NUF

Sist oppdatert: 3. desember 2018 .

Du registrerer eit NUF ved å fylle ut og sende inn skjemaet Samordna registermelding Del 1 – Blankett for norskregistrert utanlandsk føretak.

Det er ikkje mogleg å nytte elektronisk skjema i ved nyregistrering av eit NUF.

Vedlegg ved nyregistrering

Føretaket har registreringsplikt i Føretaksregisteret dersom det driv næringsverksemd i Noreg. Meir informasjon om registreringsplikta finn du til høgre på denne sida, under nyttige lenker.

Vedlegg ved nyregistrering i Einingsregisteret

Desse dokumenta må du alltid må legge ved når du skal registrere eit selskap:

  • Registreringsbevis frå offentleg registreringsmyndigheit i heimlandet. Dokumentet skal vere av nyare dato, som hovudregel ikkje eldre enn tre månader.
  • Stiftelsesdokument og vedtekter for det utanlandske føretaket.
  • Protokoll frå dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å avgjere oppretting av verksemd i Noreg.

Dersom det er vald eige styre for avdelinga, må du legge ved:

  • Protokoll frå dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å velje eige styre for avdelinga i Noreg.

Hugs viljeserklæringar frå dei som har roller i selskapet

Dersom selskapet skal ha rekneskapsførar, revisor og/eller norsk representant, må dei stadfeste at dei tar på seg oppdraget. Dette kan dei stadfeste ved å skrive under Samordna registermelding, eller ved å utarbeide eigne erklæringar som blir signert og lagd ved. Erklæringane må ha original underskrift.

Dersom du melder norsk representant, må dette bli stadfesta.

Det utanlandske føretaket må stadfeste kontaktpersonen si tilknyting til det utanlandske føretaket i eit eige vedlegg.

Dersom det er meldt eit føretak som norsk representant, og den melde kontaktpersonen er tilsett hos representanten, kan representanten stadfeste kontaktpersonen si tilknyting til det utanlandske føretaket.

Vedlegg ved nyregistrering i Føretaksregisteret

Desse dokumenta må du alltid legge ved når du skal registrere eit selskap:

  • Registreringsbevis frå offentleg registreringsmyndigheit i heimlandet. Dokumentet skal vere av nyare dato, som hovudregel ikkje eldre enn tre månader.
  • Stiftelsesdokument og vedtekter for det utanlandske føretaket.
  • Protokoll frå dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å avgjere oppretting av verksemd i Noreg.

Dersom det er vald eige styre for avdelinga, må du legge ved:

  • Protokoll frå dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å velje eige styre for avdelinga i Noreg.

Hugs viljeserklæringar frå dei som har roller i selskapet

Dersom selskapet skal ha styre, rekneskapsførar, revisor og/eller norsk representant, må dei stadfeste at dei tar på seg oppdraget. Dette kan dei stadfeste ved å skrive under Samordna registermelding, eller ved å utarbeide eigne erklæringar som blir signert og lagd ved. Erklæringane må ha original underskrift.

Dersom du melder norsk representant, må dette bli stadfesta.

Det utanlandske føretaket må stadfeste oppnemning av representanten i eige vedlegg. Hugs viljeserklæring, som beskrive i avsnittet over. Dersom den norske representanten er ein juridisk person, må du også melde ein kontaktperson.

Dersom du melder kontaktperson, må dette bli stadfesta

Det utanlandske føretaket må stadfeste kontaktpersonen si tilknyting til det utanlandske føretaket i eit eige vedlegg.

Dersom det er meldt eit føretak som norsk representant, og den melde kontaktpersonen er tilsett hos representanten, kan representanten stadfeste kontaktpersonen si tilknyting til det utanlandske føretaket.

Dersom Samordna registermelding blir underskriven av dagleg leiar, må du legge ved

  • dokumentasjon som viser utnemning/tilsetting av dagleg leiar

Dersom Samordna registermelding blir underskriven av den som har signaturrett, må du legge ved

  • dokumentasjon som viser at vedkomande har signaturrett for det utanlandske føretaket

Det er ulike krav til underskrift i Einingsregisteret og Føretaksregisteret.

Underskrift av Samordna registermelding ved registrering i Einingsregisteret

Den kontaktpersonen som er meldt eller dagleg leiar kan skrive under skjemaet. Dersom det er meldt ein fysisk person som norsk representant eller forretningsførar, kan denne skrive under i skjema.

Underskrift av Samordna registermelding ved registrering i Føretaksregisteret

Meldepliktige eller den som har signaturrett skal underteikne. Meldepliktig for utanlandske føretak er styret for verksemda i Noreg. Om det ikkje finst eige styre for verksemda, skal dagleg leiar for verksemda i Noreg understeikne. Finst verken styre eller dagleg leiar, skal skjemaet underteiknast av signaturrettshavaren.