Norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)

Sist oppdatert: 21. mars 2018 .

Alle utanlandske føretak som treng eit norsk organisasjonsnummer må registrerast som eit norskregistrert utanlandsk føretak (NUF).

Utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg har registreringsplikt i Føretaksregisteret. Utanlandske føretak som ikkje driv med næringsverksemd i Noreg har registreringsrett i Einingsregisteret.

Det er det utanlandske føretaket som er ansvarleg for verksemda i Noreg.

Ofte stilte spørsmål om NUF

Kostar det noko å registrere eit NUF?

Om du berre skal registrere føretaket i Einingsregisteret, er dette gratis. Skal du registrere det i Føretaksregisteret, må du betale eit gebyr.

På sida Registreringsplikt i Føretaksregisteret for NUF finn du informasjon om registreringsplikt.

Når kan eg nytte elektronisk innsending av Samordna registermelding?

Om du ønsker å gjere endringar på den informasjonen som er registrert på NUF-et ditt, kan du i dei fleste høve gjere dette ved å sende inn elektronisk utgåve av Samordna registermelding. Gjeld det endringar eller nye opplysingar om føretaket i heimlandet, kan du ikkje bruke elektronisk skjema.

For føretak som er registrert i Føretaksregisteret, er det ikkje mogleg å nytte elektronisk skjema om det ikkje finst registrert, eller blir meldt, dagleg leiar, norsk representant, styre for den norske verksemda eller ein person med signaturrett.

Korleis registrere føretaket i Meirverdiavgiftsregisteret?

Når du har selt varer eller tenester for meir enn 50 000 kroner i løpet av ein periode på 12 månader, må du registrere føretaket i Meirverdiavgiftsregisteret. Dette gjer du via skjemaet Samordna registermelding.

Skjemaet skal også brukast ved endring, opphøyr, nedlegging eller overføring av avgiftspliktig næringsverksemd.

Du finn meir informasjon om Meirverdiavgiftsregisteret hos Skatteetaten.

Når har NUF rekneskapsplikt?

NUF som driv næringsverksemd i Noreg, og som er skattepliktig til Noreg etter norsk intern lovgiving, har rekneskapsplikt og plikt til å sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret.

Om NUF som er registrert i Føretaksregisteret ikkje har rekneskapsplikt, må dei melde dette skriftleg for kvart rekneskapsår til Rekneskapsregisteret. På sida Innsendingsplikt for NUF finn du meir informasjon om rekneskapsplikt.

Når inntreff revisjonsplikt og når fell ho bort?

Rekneskapspliktige NUF har revisjonsplikt frå og med året etter dei passerer 5 millionar kroner i driftsinntekter.

Om føretaket er revisjonspliktig, må driftsinntektene vere under grensa to år på rad før revisjonsplikta opphøyrer. Revisjonsplikta fell bort frå og med det tredje året.

Korleis kan eg endre frå NUF til AS?

Du kan ikkje registrere direkte omdanning frå NUF til aksjeselskap. Derfor må du

  1. registrere det nye aksjeselskapet
  2. slette NUF-et

For at omdanninga skal kunne vere skattefri, må aksjeselskapet vere stifta og melding om dette sendt til Føretaksregisteret i løpet av tidsrommet mellom 1. januar og utgangen av juni i inntektsåret. Skatt må vere trekt og arbeidsgivaravgift utrekna seinast frå 1. juli.

Les meir om skattefri omdanning under Starte og drive bedrift i Altinn.