Slik registrerer du endringar for eigarseksjonssameige

Sist oppdatert: 4. mai 2018 .

Dersom du ønsker å gjere endringar for eit eigarseksjonssameige, kan du gjere dette ved å sende inn Samordna registermelding

Korleis registrerer eg nytt styre?

Du registrerer nytt styre ved å sende inn Samordna registermelding.

Styret må veljast av årsmøtet.

Du må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket

Ved registrering i Føretaksregisteret må

  • styremedlemmane stadfeste at dei tek på seg vervet
Korleis registrerer eg revisor?

Du registrerer revisor ved å sende inn Samordna registermelding.

Revisor må veljast av årsmøtet og stadfeste i skjemaet at han tår på seg seg vervet.

Du må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket
Korleis registrerer eg rekneskapsførar?

Du registrerer rekneskapsførar ved å sende inn Samordna registermelding. Rekneskapsførar må stadfeste at han tek på seg valet ved å signere Samordna registermelding.

 

Korleis kan eg fråtre rolla mi i selskapet?

Alle rolleinnehavarar kan melde eigenfråtreding. Når du fråtrer, gir du avkall på alle rettigheiter og plikter som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding. Når fråtredinga er registrert, vil både eigarseksjonsameiget og du som fråtrer bli varsla om dette.