Roller i eigarseksjonssameige

Sist oppdatert: 28. september 2018 .

Pliktige roller i eit eigarseksjonssameige er styre.

Kontaktperson, forretningsførar, rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.

Eigarseksjonssameige har vilkårsbunden revisorplikt. Dette kan du lese meir om under revisor.

 

Styre

Styret i eit eigarseksjonssameige skal i utgangspunktet bestå av ein styreleiar og to styremedlemmar. Det kan gå fram av vedtektene at styret skal bestå av eit anna tal styremedlemmar.

Val av styremedlemmar

Styreleiar og styremedlemmane vert valde av årsmøtet. Årsmøtet kan også bestemme om dei skal velje varamedlemmar.

Ved registrering i Føretaksregisteret må styremedlemmane bekrefte at dei tek på seg vervet.

Signatur

Hovudregelen er at styret i fellesskap har signaturrett. Årsmøtet kan tildele signaturrett til to eller fleire styremedlemmar i fellesskap, men dette krev ei endring av vedtektene til sameiget. Annan signaturregel kan ein ikkje vedta.

Revisor

Eit eigarseksjonssameige med 21 eller fleire seksjonar har plikt til å ha revisor.

Rekneskapsførar

Eit eigarseksjonssameige kan velje om det skal ha rekneskapsførar.

Dersom sameiget har rekneskapsførar, skal denne rekneskapsføraren registrerast. Det er berre mogleg å registrere autoriserte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.