Opprette og registrere eigarseksjonssameige

Sist oppdatert: 16. oktober 2018 .

Eit eigarseksjonssameige vert oppretta ved tinglysing av eit seksjoneringskrav.

Registreringsplikt og registreringsrett

Alle eigarseksjonssameige har registreringsrett i Einingsregisteret. Eigarseksjonssameige som er tinglyste etter 1. januar 1998, og som har ni eller fleire seksjonar, skal registrerast i Føretaksregisteret. Sjølv om eigarseksjonssameiget ikkje har plikt til å registrere seg i Føretaksregisteret, har likevel alle rett til å verte registrerte.

Vedleggskrav ved registrering

Når du skal registrere eit eigarseksjonssameige, må du alltid legge ved

  • seksjonskrav med tinglysingsstempel
  • vedtekter
  • protokoll frå årsmøtet som viser val av styre og eventuell revisor
Kva skal vedtektene innehalde?

Vedtektene skal minst innehalde

  • grunnboksnemninga til eigedomen
  • opplysningar om kor mange medlemmar styret skal ha

Dersom sameiget skal ha ein annan signaturregel enn styret i fellesskap, må vedtektene også innehalde informasjon om dette.

Kva skal protokollen innehalde?

Protokollen skal minst innehalde

  • namnet på sameiget som heldt møtet
  • opplysningar om når og kor møtet vart halde
  • opplysningar om kor mange sameigarar som var representerte
  • stadfesting om at møtet godkjente innkallinga
  • oversikt over kva for vedtak som er gjorde

Protokollen skal vere underskriven av møteleiar og ein annan som var til stades på møtet.

Hugs å signere i skjemaet.

Dersom sameiget skal ha revisor og eventuelt rekneskapsførar, må dei stadfeste i Samordna registermelding at dei påtar seg vervet.

Ved registrering i Føretaksregisteret, må styremedlemmane på same måte bekrefte at dei tek på seg vervet.