Slik registrerer du endringar for eit tingsrettsleg sameige

Sist oppdatert: 5. november 2018 .

Om du ønsker å gjere endringar på den informasjonen som er registrert på eit tingsrettsleg sameige, må du sende inn Samordna registermelding.

Korleis registrerer eg ny adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding. Du kan velje om du vil endre forretningsadresse eller postadresse.

Ønsker du at sameiget berre skal vere registrert med ei postadresse hos oss, må du hugse å fjerne gammal forretningsadresse i skjemaet.

Vil du bruke adressa til ein av sameigarane som sameiget si adresse, må du bruke c/o. adresse. Sjå eksempelet under:

Sameiet Sommerro
c/o Kari Nordmann
Utsikten 54
8908 Brønnøysund

Korleis registrerer eg ny dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar

Når sameiget har fått ny dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar, skal du sende inn dei nye opplysningane i Samordna registermelding.

Vi krev ingen vedlegg.

Korleis registrerer eg nytt styre?

Når sameiget har vald nytt styre, skal du sende inn Samordna registermelding.

Du må legge ved

  • protokoll frå sameigarmøte som viser kven som er vald til nytt styre
Korleis registrerer eg ny signaturrett?

Du sender inn Samordna registermelding for å endre kven som har signaturrett i sameiget.

Du må legge ved

  • ein samstemmig avtale mellom sameigarane

eller

  • vedtekter som er samstemmig vedtatt

Det må gå tydeleg fram av dokumentasjonen at signatur er gitt, og om han er gitt i fellesskap eller kvar for seg.

Korleis kan eg fråtre rolla mi i sameiget

Alle rolleinnehavarar kan melde eigen fråtreding. Når du fråtrer gir du avkall på alle rettar og pliktar som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding. Når fråtredinga er registrert, vil både sameiget og du som fråtrer bli varsla om dette.