Burettslag

Sist oppdatert: 2. november 2018 .

Eit burettslag er ei samanslutning med eit kooperativt formål som er å gje deleigarane burett til eigen bustad i burettslaget.

Burettslag kan også drive verksemd som har samanheng med buretten, som for eksempel drift av leikeplass, innkjøp av felles straum eller installasjon av kabelanlegg.