Ansvarleg selskap (ANS/DA)

Sist oppdatert: 19. september 2017 .

Eit ansvarleg selskap er eit selskap der to eller fleire deltakarar har uavgrensa, personleg ansvar for forpliktingane til selskapet.

Det finst to forskjellige former for ansvarlege selskap:

  1. Ansvarleg selskap (ANS) der deltakarane har uavgrensa, personleg ansvar for forpliktingane til selskapet.
  2. Ansvarleg selskap med delt ansvar (DA) der deltakarane har delt ansvar for forpliktingane til selskapet.