Slik registrerer du endringar for eit ansvarleg selskap

Sist oppdatert: 11. desember 2018 .

Dersom du ønsker å registrere ny informasjon på selskapet ditt, finn du framgangsmåte for ulike endringar her.

Korleis registrerer eg ny adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.

Ny forretningsadresse

Forretningsadressa til eit ansvarleg selskap skal vere ei norsk gateadresse eller eit norsk stadnamn.

Ved endring av adresse til ny kommune, må du lage ein ny selskapsavtale. Dersom  selskapsavtalen ikkje er skriven under av alle deltakarane etter endringa, må selskapsmøtet godkjenne endringa.

Ved endring til ny kommune må du legge ved

  • oppdatert selskapsavtale
  • protokoll frå selskapsmøtet dersom ikkje alle deltakarane har skrive under selskapsavtalen

Ny postadresse

Du er ikkje nøydd til å melde ei eiga postadresse. Dersom du ønsker posten send til  ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse.

Korleis registrerer eg nye deltakarar?

Du registrerer endringar av deltakarar ved å sende inn Samordna registermelding.

Du må lage ein ny selskapsavtale. Dersom  selskapsavtalen ikkje  er skriven under av alle deltakarane etter endringa, må selskapsmøtet godkjenne endringa.

Du må legge ved

  • oppdatert selskapsavtale
  • protokoll frå selskapsmøtet, dersom ikkje alle deltakarane har skrive under selskapsavtalen
  • erklæring frå deltakarane som fråtrer selskapet, der dei samtykker i at fråtredinga vert registrert i Føretaksregisteret
  • erklæring frå nye deltakarar, kor dei samtykker i å verte registrerte i Føretaksregisteret

 

Korleis registrerer eg eit nytt styre?

Du registrerer nytt styre ved å sende inn Samordna registermelding.

Styret vert valt av selskapsmøtet.

Du må legge ved

  • protokoll frå selskapsmøtet som viser vedtaket
  • viljeserklæringar frå dei nyvalde styremedlemmane

Dersom styremedlemmane signerer Samordna registermelding, treng du ikkje legge ved eigne erklæringar.

Korleis registrerer eg nytt namn på selskapet?

Du registrerer nytt namn ved å sende inn Samordna registermelding. Du må lage ein ny selskapsavtale.

Dersom  selskapsavtalen ikkje er skriven under av alle deltakarane etter endringa, må selskapsmøtet godkjenne endringa.

Du må legge ved

  • oppdatert selskapsavtale
  • protokoll frå selskapsmøtet, dersom ikkje alle deltakarane har skrive under selskapsavtalen

På sida Korleis vel eg namn på selskapet mitt? kan du lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta.

Korleis kan eg fråtre rolla mi i selskapet?

Alle rolleinnehavarar kan melde eigenfråtreding. Når du fråtrer, gir du avkall på alle rettigheiter og plikter som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding. Når fråtredinga er registrert, vil både selskapet og du som fråtrer bli varsla om dette.

Korleis endrar vi det ansvarlege selskapet til eit AS?

Du kan ikkje registrere direkte omdanning frå ansvarleg selskap til aksjeselskap. Du må derfor

  1. registrere det nye aksjeselskapet
  2. slette det ansvarlege selskapet

For at omdanninga skal kunne vere skattefri, må aksjeselskapet vere stifta og melding om dette sendt til Føretaksregisteret i løpet av tidsrommet mellom 1.januar og utgangen av juni i inntektsåret, og det må vere gjennomført skattetrekk og utrekna arbeidsgivaravgift seinast frå 1. juli. Les meir om skattefri omdanning under Starte og drive bedrift i Altinn.

Eksempel på selskapsmøteprotokollSjå eksempel på innhald i selskapsmøteprotokoll (PDF)