Roller i eit ansvarleg selskap

Sist oppdatert: 6. juli 2018 .

Pliktige roller i eit ansvarleg selskap er deltakarar.

Dersom selskapet ikkje skal ha styre, må det ha ein person i rolla som dagleg leiar, forretningsførar eller kontaktperson. Rekneskapsførar, styre, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere. Selskapsmøtet er øvste myndigheit i eit ansvarleg selskap.

Selskapet har vilkårsbunden revisorplikt. Dette kan du lese meir om under revisor.

 

Deltakarar

Eit ansvarleg selskap må ha minst to deltakarar. Både fysiske (vanlege) og juridiske personar kan vere deltakarar. Døme på juridiske personar er aksjeselskap, allmennaksjeselskap, ansvarlege selskap og så vidare.

Berre selskapsdeltakarane har røysterett i selskapsmøtet, dersom ikkje anna går fram av selskapsavtalen.

Dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar

Dersom selskapet ikkje har styre, må det ha dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar. Selskapet kan i utgangspunktet berre registrere ei av desse rollene. Unntaket er dersom forretningsføraren er ein juridisk person. Då må selskapet i tillegg melde ein fysisk person som dagleg leiar eller kontaktperson.

Styre

Eit ansvarleg selskap kan velje om dei skal ha eit styre. Det er selskapsmøtet som vel styret.

Styremedlemmane må stadfeste at dei tek på seg vervet.

Revisor

Eit ansvarleg selskap har plikt til å ha revisor dersom minst eitt av dei følgande punkta er oppfylte:

  • Selskapet har fleire enn 5 deltakarar.
  • Driftsinntektene av den samla verksemda overstig 5 millionar kroner.
  • Alle deltakarane er juridiske personar med avgrensa ansvar. I tillegg må balansesummen vere over 20 millionar, eller det gjennomsnittlege talet på tilsette må vere over ti årsverk.

Revisoren vert vald av selskapsmøtet.

Revisoren må stadfeste at han tek på seg oppdraget.

Treng du meir informasjon, sjå revisorlova § 2-1.

Rekneskapsførar

Eit ansvarleg selskap kan velje om dei skal ha rekneskapsførar.

Det er berre mogleg å registrere autoriserte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.

Rekneskapsføraren må stadfeste at han tek på seg oppdraget.

Signatur

Signatur er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av selskapet i alle samanhengar.

Deltakarane har i utgangspunktet signaturrett kvar for seg

Deltakarane kan avtale at berre ein deltakar skal ha signaturrett, eller at deltakarane skal ha signaturrett i fellesskap.

Dersom selskapet har eit styre, er det styremedlemmane i fellesskap som har signaturrett.

Treng du meir informasjon, sjå selskapslova § 2-21.

Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av selskapet i samband med den daglege drifta

Ein kan ikkje bruke prokura til å hefte eller selje selskapet sin faste eigedom.

Deltakarane kan gi prokura til ein eller fleire personar. Dersom det er fleire, er det mogleg å gi dei prokura kvar for seg, eller i fellesskap.

Andre avgrensingar i utøvinga av prokuraretten, for eksempel tidsmessige eller beløpsmessige, kan ikkje registrerast.

Prokura kan kallast attende når som helst.

Ikon Se eksempel på innhald i selskapmøteprotokoll (PDF)