Registrere eit ansvarleg selskap

Sist oppdatert: 12. oktober 2018 .

Eit ansvarleg selskap skal registrerast i Føretaksregisteret.

For å registrere selskapet ditt, må du sende inn Samordna registermelding.

Når du skal registrere eit ansvarleg selskap, må du alltid legge ved

  • selskapsavtale

Dersom selskapet skal ha styre og revisor, må du også legge ved

  • protokoll frå selskapsmøtet som viser vala

Dersom selskapet skal ha styre, må styremedlemmane stadfeste i Samordna registermelding at dei tek på seg vervet. Det same må ein eventuell revisor og rekneskapsførar gjere.

Selskapsavtale

For å opprette eit ansvarleg selskap må deltakarane lage ein selskapsavtale. Selskapsavtalen skal vere datert og signert av alle deltakarane.

Selskapsavtalen skal innehalde

  • føretaksnamnet til selskapet
  • namnet og bustaden til alle deltakarane
  • formålet til selskapet
  • den kommunen kor selskapet skal ha hovudkontoret sitt
  • opplysningar om deltakarane skal gjere innskot, og i tilfelle den verdien innskotne eigedelar har

Dersom du skal stifte eit ansvarleg selskap med delt ansvar, må selskapsavtalen også innehalde opplysningar om kor stor ansvarsdel kvar deltakar har.

 

Ikon Se eksempel på selskapsavtale ANS (PDF)

Ikon Se eksempel på selskapsavtale DA (PDF)

 

Kapitalinnskot

Det er ikkje krav til kapitalinnskot i samband med oppstart av eit ansvarleg selskap. Om deltakarane skal gjere innskot, må dette gå fram av selskapsavtalen. Om innskotet er gjort opp med anna enn pengar, skal selskapsavtalen også innehalde opplysningar om kva dei innskotne eigedelane er verd.

Se eksempel på innhald i selskapsmøteprotokoll (PDF)