Vedtekter for AS

Sist oppdatert: 22. november 2018 .

Stiftelsesdokumentet skal innehalde vedtektene til selskapet.

Vedtektene skal minst innehalde

  • føretaksnamnet til selskapet
  • kommunen kor selskapet skal ha forretningskontoret sitt
  • formålet til selskapet
  • storleiken på aksjekapitalen
  • pålydande på aksjane

Dersom selskapet ikkje har som formål å gi aksjonærane økonomisk utbytte, skal vedtektene innehalde føresegner om korleis selskapet skal fordele overskot og formue når selskapet blir avvikla.