Stiftelsesdokument for aksjeselskap

Sist oppdatert: 27. september 2018 .

For å stifte eit aksjeselskap må du ha eit stiftelsesdokument.

Dokumentet skal opprettast av stiftarane. Stiftarane er dei som teiknar aksjar i selskapet. Dette kan vere ein eller fleire fysiske eller juridiske personar (som for eksempel aksjeselskap eller ansvarleg selskap).

Stiftelsesdokumentet skal inneholde

  • namnet/føretaksnamnet, adressa og fødselsnummeret/organisasjonsnummeret til stiftarane
  • kor mange aksjar kvar av stiftarane skal teikne
  • beløpet som du skal betale for kvar aksje
  • tidspunktet for oppgjer av aksjeinnskot
  • opplysningar om kven som skal vere medlemmar av styret til selskapet
  • opplysningar om selskapet skal dekke utgiftene ved stiftelsen eller ikkje
  • vedtektene til selskapet

Stiftelsesdokumentet må vere datert og underskrive av stiftarane.

Stiftelsesdokumentet skal også vise eventuell informasjon om

  • aksjeinnskotet skal kunne gjerast opp med andre eigedelar enn pengar
  • nokon skal ha særskilde rettar ved stiftelsen
  • val av revisor dersom selskapet skal ha revisor

Eksempel pÃ¥ firmaattestSjå eksempel på stiftelsesdokument (pdf)

Ønsker  du meir informasjon om det å stifte eit aksjeselskap, kan du sjå aksjelova kapittel 2.