Registrere eit aksjeselskap

Sist oppdatert: 3. mai 2018 .

Eit aksjeselskap skal registrerast i Føretaksregisteret. Frist for registrering er tre månader frå stiftelsesdokumentet er signert.

For å registrere selskapet, må du sende inn skjemaet Samordna registermelding.

Vedleggskrav

Når du skal registrere eit aksjeselskap må du sende inn fleire dokument.
Dokument du alltid må legge  ved når du skal registrere eit selskap er

  • stiftelsesdokument med vedtekter
  • erklæring frå revisor, finansinstitusjon, bank eller rekneskapsførar som viser innbetalinga av aksjeinnskotet

Ved tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar) må du legge  ved

  • utgreiing som er signert av stiftarane og stadfesta av revisoren

Hugs å signere i skjemaet.

Styremedlemmer og eventuelt revisor og rekneskapsførar må stadfeste at dei tar på seg vervet. Dette gjær de ved ved å signere Samordna registermelding.

 

Desse vedlegga må leggast ved i nokre tilfelle:

  • avtale om særskilde rettar, jf. aksjelova § 2-4
  • avtale om stiftelsesutgifter, jf. aksjelova § 2-5
  • godkjenning/konsesjon frå Finanstilsynet, dersom selskapet skal drive verksemd som bank, kredittføretak, finansieringsføretak, forsikringsføretak, pensjonsføretak, holdingføretak i finanskonsern, betalingsføretak eller e-pengeføretak