Nedsetting av aksjekapital

Sist oppdatert: 18. juni 2018 .

Generalforsamlinga kan vedta å sette ned aksjekapitalen i eit selskap. Nedsettingsbeløpet kan nyttast til utdeling til aksjonærane, sletting av selskapet sine eigne aksjar eller avsetting til fond. Beløpet kan også nyttast til dekning av tap som ikkje kan dekkast på annan måte.

Styret fremmar forslag til generalforsamlinga

Første steg i ei kapitalnedsetting er at styret må utarbeide eit forslag til generalforsamlinga om at kapitalen skal settast ned, og foreslå nødvendige vedtektsendringar. Styret må også foreslå korleis pengane skal brukast, og utarbeide ei grunngjeving for forslaget med bakgrunn i den siste fastsette rekneskapen. Generalforsamlinga fattar vedtak med utgangspunkt i styret sine forslag.

Registrering i Føretaksregisteret

Ei kapitalnedsetting skal kunngjerast på Brønnøysundregistera sine kunngjeringssider. Dersom nedsettinga av aksjekapitalen krev kreditorvarsel, gjeld ein kreditorfrist på seks veker.

Ei kapitalnedsetting som krev kreditorvarsel melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to er avgjerd om kapitalnedsetiing og gjennomføring.

Avgjerd om kapitalnedsetting

Ei avgjerd  om kapitalnedsetting må du melde til Føretaksregisteret innan to månader etter generalforsamlinga si avgjerd, elles fell avgjerda bort.

Avgjerd om kapitalnedsetting skal minst oppgi

  • nedsettingsbeløpet, eventuelt eit høgare beløp ved utdelingar til aksjonærane utover dette
  • kva beløpet skal brukast til
  • om nedsettinga  skal gjennomførast ved innløysing av aksjar eller ved nedsetting  av pålydande

Du må legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om kapitalnedsetting  og endring av vedtekter

Generalforsamlinga må vedta vedtektsendring i samband med kapitalnedsetting. Det er fordi aksjekapitalen alltid er bestemt i vedtektene til selskapet.

Gjennomføring av kapitalnedsetting

Du kan melde gjennomføring av kapitalnedsetting etter at du har meldt avgjerd om kapitalnedsetting og at kreditorfristen på seks veker har gått ut.

Du må melde gjennomføring av kapitalnedsetting til Føretaksregisteret innan eitt år etter generalforsamlinga si avgjerd, elles fell avgjerda bort.

Du må legge ved

  • oppdaterte vedtekter
  • erklæring frå styret om at forholda til kreditorane er avklara og at det ikkje er noko til hinder for gjennomføringa

Aksjeeigarboka med eventuelle nye opplysningar om aksjefordelinga skal ajourførast.

Kapitalnedsetting utan kreditorvarsel

Nedsettinga kan gjennomførast utan kreditorvarsel dersom heile nedsettingsbeløpet skal nyttast til dekning av tap som ikkje kan dekkast på annan måte. Du melder då både avgjerd og gjennomføring i eitt trinn.

Avgjerd og gjennomføring

Du må legge ved

  • generalforsamlingsprotokollen som viser vedtaket
  • oppdaterte vedtekter

Aksjeeigarboka med eventuelle nye opplysningar om aksjefordelinga skal ajourførast.

Dersom aksjekapitalen samtidig med ei kapitalnedsetting  vert auka ved nyteikning av aksjar mot innskot, slik at aksjekapitalen vert minst like høg som tidlegare, kan kapitalnedsettinga  skje utan kreditorvarsel. Då gjeld dei same vedlaggskrava som ved kapitalauke.