Slik registrerer du endringar for aksjeselskapet ditt

Sist oppdatert: 20. juni 2017.

Dersom du ønsker å endre informasjonen som er registrert på selskapet, kan du gjere det ved å sende inn Samordna registermelding.

Korleis registrerer eg ny adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.

Ny forretningsadresse

Forretningsadressa til eit aksjeselskap skal vere ei norsk gateadresse eller eit norsk stadnamn.

Ein må endre vedtektene til føretaket dersom du endrar adressa til ny kommune. Generalforsamlinga må godkjenne ei slik endring.

Ved endring til ny kommune, må du legge ved

  • oppdaterte vedtekter
  • protokoll frå generalforsamlinga

Ny postadresse

Du er ikkje nøydd til å melde ei eiga postadresse. Dersom du ønsker posten sendt til ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse.

Korleis registrerer eg nytt styre?

Når selskapet har valt nytt styre, skal du melde det i Samordna registermelding.

Generalforsamlinga må velje styret.

Du må legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket
Korleis registrerer eg at selskapet ikkje skal ha revisor?

Skal du melde fråval for eit selskap som allereie har registrert revisor, må du legge ved

  • generalforsamlingsprotokoll
  • protokoll frå styremøte

Generalforsamlinga må gi styret fullmakt til å bestemme at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast. Styret vedtek deretter at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast, i samsvar med fullmakta.

Meir informasjon om revisjon finn du under «Nyttige lenker» til høgre på denne sida.

Korleis registrerer eg nytt namn?

Du registrerer nytt namn ved å sende inn Samordna registermelding.

Det er generalforsamlinga som vedtek nytt namn. Endringa inneber endring av vedtektene til selskapet.

Du må legge ved

  • generalforsamlingsprotokoll
  • oppdaterte vedtekter