Sletting av aksjeselskap

Sist oppdatert: 30. januar 2017.

Sletting av eit aksjeselskap melder du i to trinn.

Først melder du oppløysing. Når kreditorfristen på seks veker er ute, kan du melde sletting.

Oppløysing

Hovudregelen er at generalforsamlinga avgjer  at selskapet skal oppløysast.

Det er ikkje sett ein absolutt frist for når du må melde oppløysinga til Føretaksregisteret, men ifølge  aksjelova skal dette skje raskt.

Ved avgjerd  om oppløysing skal generalforsamlinga også velje eit avviklingsstyre. Dette styret vil tre inn for dagleg leiar og det sittande  styret. Generalforsamlinga kan avgjere  at det sittande  styret skal vere avviklingsstyre.

Du må legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om oppløysing og val av avviklingsstyre

Dersom det vert valt nye styremedlemmar til avviklingsstyret, må desse stadfeste at dei tek på seg oppdraget. Dette gjer dei ved å signere meldinga.

Sletting

Generalforsamlinga vedtek at selskapet skal slettast. Dette kan dei gjere etter at kreditorfristen på seks veker er ute.

Ved vedtak om sletting må generalforsamlinga godkjenne det endelege avviklingsoppgjeret. Avviklingsrekneskapen må vere revidert.

Du må legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser at revidert avviklingsrekneskap har verte godkjent

Du melder oppløysing og sletting av selskapet ved å sende inn Samordna registermelding.