Roller i aksjeselskap

Sist oppdatert: 6. mars 2017.

Pliktige roller i eit aksjeselskap er styre og revisor.

Rekneskapsførar, forretningsførar, dagleg leiar, kontaktperson, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.

Styre

Eit aksjeselskap må ha eit styre som består av minst ein medlem

Styret må alltid ha ein leiar.

Dersom selskapet har bedriftsforsamling, skal det vere minst fem styremedlemmer.

Minst halvparten av medlemmene i styret skal vere busette i Noreg, eller vere statsborgarar i ein EU/EØS-stat og busette i ein EU/EØS-stat.

Val av styremedlemmer

Medlemmene av styret vert vanlegvis valde av generalforsamlinga, som også bestemmer om det skal veljast varamedlemmer.

Styremedlemmene må stadfeste at dei tek på seg vervet.

Revisor

Eit aksjeselskap har som hovudregel revisjonsplikt, og må velje revisor

Eit selskap kan velje fleire revisorar. Revisoren må vere registrert eller statsautorisert.

Revisoren må stadfeste at han tek på seg oppdraget.

Rekneskapsførar

Eit aksjeselskap kan velje om dei skal ha rekneskapsførar

Dersom selskapet nyttar rekneskapsførar, skal eindu registrere det i Einingsregisteret. Ved endring av rekneskapsførar skal eindu også sende melding til Einingsregisteret.
Rekneskapsføraren må stadfeste at han tek på seg oppdraget.

Dagleg leiar, kontaktperson og forretningsførar

Eit aksjeselskap må ha dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar

Eit aksjeselskap kan velje å ha dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar. Selskapet kan i utgangspunktet berre registrere ei av desse rollene. Unntaket er dersom forretningsføraren er ein juridisk person. Då må selskapet i tillegg melde ein fysisk person som dagleg leiar eller kontaktperson.

Selskapet kan ha fleire daglege leiarar, men då må det gå fram av vedtektene.

Dagleg leiar skal vere busett i Noreg, eller vere statsborgar i ein EU/EØS-stat.

Signatur

Signatur er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga i alle samanhengar

Styret i aksjeselskapet har signatur i fellesskap dersom ikkje anna er bestemt i vedtektene. Styret kan tildele signaturretten til eit utval styremedlemmer, til dagleg leiar eller namngitte tilsette.
Signaturrett kan kallast attende når som helst.

Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga

Innehavaren av prokura vert kalla prokurist.

Ein kan ikkje bruke prokura til å hefte eller selje føretaket sin faste eigedom.

Ein person som har prokura kan ikkje overføre han til ein annan person. Eit aksjeselskap kan gi prokura til ein eller fleire personar. Dersom det er fleire, kan ein velje om dei skal ha fullmakt kvar for seg, eller i fellesskap.
Prokura kan kallast attende når som helst.