Registrere eit aksjeselskap

Sist oppdatert: 24. november 2017 .

Eit aksjeselskap skal registrerast i Føretaksregisteret

Frist for registrering er tre månader frå stiftelsesdokumentet er signert. For å registrere selskapet, må du sende inn skjemaet Samordna registermelding.

Vedleggskrav

Når du skal registrere eit aksjeselskap må du sende inn fleire dokument.
Dokument du alltid må legge  ved når du skal registrere eit selskap er

  • stiftelsesdokument med vedtekter
  • erklæring frå revisor eller finansinstitusjon som viser innbetalinga av aksjeinnskotet

Ved tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar) må du legge  ved

  • opningsbalanse som er signert av stiftarane og stadfesta av revisoren
  • utgreiing som er signert av stiftarane og stadfesta av revisoren

Hugs viljeserklæring frå dei som har roller i selskapet

Styremedlemmer og eventuelt revisor og rekneskapsførar må stadfeste at dei tar på seg vervet. Revisor må utarbeide og signere eiga erklæring, men for styremedlemmene er det nok å signere Samordna registermelding. Dersom selskapet skal ha revisor, og eventuell rekneskapsførar, må du legge ved erklæring frå dei.

Det må utarbeidast eigne erklæringar som vert signerte og lagde ved, men for styremedlemmar og rekneskapsførar er det tilstrekkeleg dersom dei signerer Samordna registermelding.

 

Desse vedlegga må leggast ved i nokre tilfelle:

  • avtale om særskilde rettar, jf. aksjelova § 2-4
  • avtale om stiftelsesutgifter, jf. aksjelova § 2-5
  • godkjenning/konsesjon frå Finanstilsynet, dersom selskapet skal drive verksemd som bank, kredittføretak, finansieringsføretak, forsikringsføretak, pensjonsføretak, holdingføretak i finanskonsern, betalingsføretak eller e-pengeføretak