Generalforsamling i aksjeselskap

Sist oppdatert: 3. juli 2017.

Generalforsamlinga utgjer den øvste myndigheita i selskapet. Alle aksjeselskap har plikt til å ha minst ei generalforsamling i året.

Det er aksjonærane i selskapet som har møte- og røysterett på generalforsamlinga. Aksjeeigarane kan møtast fysisk eller delta på generalforsamlinga ved hjelp av elektroniske hjelpemiddel.

Generalforsamlinga må haldast innan seks månader etter utgangen av kvart rekneskapsår. Dette er den ordinære generalforsamlinga. Alle andre generalforsamlingar kallast ekstraordinære.

På den ordinære generalforsamlinga skal blant anna årsrekneskapen, årsmeldinga og utdeling av utbyte godkjennast. I tillegg skal det behandlast andre saker som etter lov, eller i følge vedtektene, høyrer inn under generalforsamling.

Ekstraordinær generalforsamling

Styret kan kalle inn til ekstraordinær generalforsamling ved behov. Aksjeloven inneheld også reglar om at revisor eller aksjonær kan kreve at styret innkaller til ekstraordinær generalforsamling. Aksjeloven regulerer korleis ekstraordinær generalforsamling skal gjennomførast og kva saker som kan eller skal behandlast.

Forenkla generalforsamling

Om ingen aksjeeigar motset seg det, kan ei sak bli behandla på generalforsamlinga etter reglane i aksjeloven § 5-7 om forenkla generalforsamling. Når generalforsamlinga blir halden etter reglane om forenklet behandling skal

  • alle aksjeeigarar bli gitt høve til å delta i behandling av saka på ein eigna måte
  • styremedlemmene, og eventuelt dagleg leiar og revisor, ha høve til å uttale seg om saker som er til behandling

Om ein aksjeeigar, ein styremedlem, dagleg leiar eller revisor krev det, skal sak behandlast av generalforsamlinga i ordinært møte.

Generalforsamlingsprotokoll

Same korleis generalforsamlingen blir halden, skal det skrivast protokoll. Generalforsamlingsprotokollen er ein særleg viktig dokumentasjon av situasjonen og disposisjonane til selskapet. Han må derfor oppfylle ein del formelle krav til innhald og signering.

Kva skal generalforsamlingsprotokollen innehalde?

Generalforsamlingsprotokollen frå ordinær eller ekstraordinær generalforsamling, skal innehalde informasjon om

  • kva selskap som held generalforsamling
  • dato og stad for generalforsamlinga
  • kor mange aksjar som var representerte
  • godkjenning av innkallinga
  • sakene som har vore til behandling/vedtak som er gjort

Protokollen skal signerast av minst to av dei som er til stades på generalforsamlinga.

Dersom det er halden forenkla generalforsamling, skal protokollen innehalde

  • opplysning om kva selskap som held generalforsamling
  • dato
  • oversikt over kva aksjeeigarar som deltok i behandlinga av saka
  • oversikt over sakene som har vore til behandling/vedtak som er gjort
  • vedtak om at møtet er halde etter aksjeloven§ 5-7
  • signatur av styreleiar

Protokollen skal sendast til alle aksjeeigarar.