Aksjekapital

Sist oppdatert: 7. juni 2017 .

I eit aksjeselskap må stiftarane betale inn aksjekapital. Dette beløpet skal vere minst 30 000 kroner. Stiftingskostnadene kan dekkast  av aksjekapitalen.

Aksjeinnskotet må stadfestast før selskapet kan bli registrert i Føretaksregisteret.

Dersom aksjeinnskotet skal gjerast opp med pengar, kan stadfestinga gjevast av ein bank.
Dersom heile eller delar av aksjekapitalen vert dekt opp med gjenstandar (tingsinnskot), i staden for pengar, må revisor stadfeste innbetalinga.

Du har ikkje eit personleg ansvar for forpliktingane til selskapet

Som eigar i eit aksjeselskap kan du i utgangspunktet berre risikere å tape aksjeinnskot som er skotne inn i selskapet. Kreditorane kan berre gå til selskapet med krava sine. Eigarane sin tilgang til å ta pengar ut av selskapet er derfor avgrensa av aksjelova.