Aksjeeigar

Sist oppdatert: 12. januar 2018 .

Aksjeeigarane (aksjonærane) er dei som eig aksjeselskapet. Dette kan vere ein, eller fleire, private eller juridiske personar. Eksempel på juridiske personar er aksjeselskap, allmennaksjeselskap og ansvarleg selskap.

Alle aksjeselskap skal ha ei aksjeeigarbok som skal vere tilgjengeleg for alle. Ho skal til kvar tid vise kven som er aksjeeigarar. Endring av aksjeeigarar skal ikkje registrerast hos oss.

Rettar og plikter

Som aksjeeigar kan du ikkje bli stilt til ansvar for gjeld selskapet har stifta ut over det du har betalt for aksjen. Kreditorane kan berre gå til selskapet med krava sine.

Du har rett til å røyste på generalforsamlinga, og til å ta imot utbytte frå aksjeselskapet. Samtidig har du plikt til å betale inn aksjekapitalen, og du har ansvar for å opptre forsvarleg i rolla di som aksjonær.

Avtaler

Aksjeeigarane i eit selskap kan velje å inngå ein avtale som regulerer forholdet mellom dei. Det finst ingen krav til korleis ei slik avtale skal sjå ut. Krav til utbytte eller arbeidsinnsats kan vere eksempel på forhold som ei slik avtale kan regulere.
Det er også mogleg å opprette avtaler mellom selskapet og aksjeeigar, men her er det eigne krav til framgangsmåten. Desse krava finn du i aksjeloven § 3-8.

Avslutte eigarforhold

Om spesielle vilkår er til stades, kan du som aksjeeigar tre ut av selskapet eller løyse andre aksjeeigarar ut av selskapet. Dette er forhold som blir regulert av aksjeloven.