Elektronisk stifting av AS

30. oktober 2015 opna vi for elektronisk oppretting av aksjeselskap.

Dette var ein milepæl for stifting av aksjeselskap, ei forenkling som alle dei 25 000 som kvart år stiftar AS vil nyte godt av og som gjer tilveret enklare, rimelegare og raskare for næringslivet. Vi har som mål å vere ein sentral pådrivar for enklare samspel med offentleg sektor.

Stiftarane treng ikkje å sitje saman eller sende papirdokument i posten. Ordninga er smidig. Undervegs i stiftingsprosessen får utfyllaren rettleiing og tilbakemelding gjennom hjelpetekstar og kontrollar i skjemaet, slik at ein reduserer faren for feil i stiftingsdokumentet. Opplysningane i det ferdige elektroniske stiftingsdokumentet kan gjenbrukast når det nye selskapet blir registrert via samordna registermelding.

Elektronisk stifting av AS gjennom Altinn var tema for eit prosjekt som har vore i gang sidan 2014.

For at det skulle bli mogeleg å stifte aksjeselskap gjennom Altinn måtte det ei lovendring til.