Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Rettleiing for tillegg ved verksemd på fleire adresser

Sist oppdatert: 3. desember 2018 .

Om bruk av del 1b:

Del 1b av skjemaet skal du bruke om du driv verksemd (aktivitet) på fleire stader, eller om du driv verksemd av stort omfang i ulike bransjar på ein stad. Fyll ut eitt skjema for kvar av verksemdene.

Slik fyller du ut skjemaet

1 Organisasjonsnummer

Einingsregisteret tildeler organisa-sjonsnummer når eininga registrerer seg første gongen.

Er eininga/verksemda alt registrert, må du gi opp organisasjonsnummeret.

Om  meldinga gjeld ny eining og ny verksemd, tildeler Einingsregisteret organisasjonsnummer.

Om ei alt registrert eining melder at ho skal starte med ny verksemd, skal du gi opp organisasjonsnummeret til eininga.

Om meldinga gjeld endring i dei opplysningane som er registrerte om ei verksemd, gir du opp organisasjonsnummeret til både eininga og verksemda.

2 Namn på verksemd/avdelingsnemning

Fyll ut feltet om verksemda blir driven under eit anna namn enn det offisielle namnet/føretaksnamnet til eininga som er oppgitt i felt 1 i hovudblanketten, eller dersom verksemda har ei eiga avdelingsnemning.

Om meldinga gjeld endring av namn, må både nytt og tidlegare namn førast opp.

Om melding om endring av namn går ut på at verksemda ikkje lenger skal ha eige namn som er ulikt det offisielle namnet/føretaksnamnet til eininga, skal feltet «Det fullstendige namnet på verksemda» fyllast ut med teksten: Blir ikkje lenger driven under eige namn.

3a Start eller kjøp av verksemd

Start av verksemd

Einingar som startar verksemd, skal gi opp dato for når aktiviteten blei starta/skal starte.

Reglane for inndeling av juridiske einingar i verksemder er slik:
Om ei eining driv verksemd og har tilsette på fleire lokalt skilde stader (adresser), skal kvar verksemd vere registrert med eige organisasjonsnummer. Tilsvarande skal det vere registrert fleire verksemder dersom ei eining driv verksemd i ulike bransjar på same stad, og kvar bransje sysselset minst fem personar på heiltid eller deltid. Unnateke frå denne regelen er mellom anna transport og byggje- og anleggsverksemd.
For desse næringane skal det berre vere registrert ei verksemd for kvar adresse der det er faste avdelings-/administrasjonskontor.

Kjøp av verksemd
Gjeld meldinga kjøp av ei verksemd – til dømes ved at eit aksjeselskap tek over ein skobutikk eller frisørsalong frå eit anna aksjeselskap, skal dato for overtakinga førast opp her. Tidlegare eigar skal førast opp i felt 4a.

Kjøp/sal
For at ei veksemd skal bli rekna som kjøpt eller seld, skal same verksemd halde fram, men med ei anna eining som eigar. Desse vilkåra må vere oppfylde: Dei aktiva som inngår som nødvendige delar i verksemda, så som råvarer, produksjonsutstyr, varelager, kontraktar og anna, må samla eller for det meste overdragast under eitt. Dersom dei aktiva som inngår i verksemda blir selde særskilt, slik at verksemda ikkje kan halde fram, meldast nedlegging av verksemda.

3b Sal eller nedlegging av verksemd

Sal av verksemd

Gjeld meldinga sal av ei verksemd – til dømes ved at eit aksjeselskap overdreg ein skobutikk eller frisørsalong til eit anna aksjeselskap, skal dato for overdraginga førast opp her. Ny eigar skal førast opp i felt 4b.
Sjå elles rettleiing til 4a om kjøp/sal av verksemd.

Nedleggjing/opphøyr av verksemd.
Ei verksemd blir lagd ned dersom produksjonen av varer og/eller tenester av ein eller annan årsak opphøyrer fullstendig.

Verksemda opphøyrer òg dersom:

  • ein ny eigar startar ei heilt ny verksemd eller ny produksjon av varer og/eller tenester i dei same lokala
  • ein ny eigar flytter heile den tidlegare verksemda til ei ny adresse i ein annan kommune
  • ho flytter til ein annan kommune og der startar heilt ny verksemd/produksjon av varer og/eller tenester (same eigar)

Dersom verksemda er nedlagd (opphøyrd), kryss av for det og før opp dato for nedlegginga. Ver merksam på at melding om nedlegging av verksemd ikkje betyr at eininga blir sletta. Ønskjer ein å slette eininga, må dette meldast i blanketten «Forenkla registermelding Del 1 – Blankett for sletting» eller i blanketten «Samordna registermelding Del 1 – Hovudskjema».

4a Kjøp/overtaking av verksemd frå

Gi opplysningar om den tidlegare eigaren dersom eininga har kjøpt eller overteke ei verksemd. Gi opp organisasjonsnummeret til den tidlegare eigaren dersom det finst.

4b Sal/overdraging av verksemd til

Gi opplysningar om den nye eigaren dersom eininga har selt/overdrege ei verksemd til ei anna eining. Gi opp organisasjonsnummeret til den nye eigaren dersom det finst.

5 Gateadresse til verksemda

Om verksemda til eininga går føre seg på ei anna adresse enn hovudkontoret si, gir du opp denne adressa her. Om verksemda ikkje skjer i bestemte lokale eller på faste plassar, men er ambulerande (til dømes bygg- og anleggsverksemd eller transportverksemd), skal du gi opp adressa på den staden der verksemda blir administrert, eventuelt fast frammøtestad.

6 Postadressa til verksemda

Om verksemda har ei eiga postadresse, det vil seie ei anna enn den som er oppgitt for eininga, kan ho førast opp her.

7 Verksemd/bransje

Opplysningane om kva slag verksemd det gjeld, er grunnlaget for å gi eininga næringskode. Næringskoden blir tildelt etter Standard for næringsgruppering (SN2007). Næringskoden blir mellom anna brukt til å lage statistikk der norsk næringsliv/arbeidsmarknad blir framstilt etter næring/bransje.

Gi ei så nøyaktig/presis utgreiing som råd om den verksemda som blir utført eller skal utførast. Ver merksam på at det ikkje er nok å oppgi eit generelt overordna føremål. Gi derfor opp kva slag varer verksemda produserer, kva slag varer ho sel, og/eller tenester ho utfører. Pass særleg på å få klart fram kva for bransje verksemda tilhøyrer.

Her er det gitt døme på kor detaljert framstillinga må vere:

  • Jordbruk:
    – Dyrking av korn
    – Mjølkeproduksjon på storfe
  • Transport:
    – Godstransport på veg
    – Drosjebiltransport
  • Industri:
    – Produksjon av hushalds, sanitær- og toalettartiklar av papir
    – Produksjon av byggjevarer av plast
  • Handel:
    – Agenturhandel med tømmer, trelast og byggjevarer
    – Engroshandel med elektriske hushaldsapparat
    – Butikkhandel med kjøtt og kjøttvarer
  • Bygg og anlegg:
    – Grunnarbeid
    – Oppføring av bygningar
    – VVS-arbeid
  • Konsulentverksemd:
    – Bedriftsrådgivning
    – Konsulenttenester innan programutvikling av kundespesifiserte program

Om eininga driv verksemd/aktivitet i fleire bransjar, må du føre opp kvar einskild av dei i prioritert rekkjefølge etter storleiken på omsetning eller sysselsetting.

Einingar som ikkje driv næringsverksemd, gir opp den aktiviteten dei skal drive. Døme kan vere musikkorps eller idrettslag.

Ved endring skal den nye verksemda og dato for då endringa tok til å gjelde gis opp. Om eininga har starta med tilleggsverksemd, skal også verksemd som blir utøvt frå før meldast.

8 Innsendar

Feltet skal fyllast ut berre dersom del 1b blir brukt for seg (ikkje saman med hovudblanketten), og innsendar er ein annan enn eininga. Einingsregisteret vil bruke innsendaren som adressat for alle typar tilbakemeldingar om meldinga – det vil seie at stadfestingar og andre brev, registerutskrifter og anna blir sende til den som er oppgitt som innsendar. Om innsendarfeltet ikkje er utfylt, blir tilbakemeldingar og anna sende til eininga. Vi ber om at innsendarar/einingar som har fått tildelt kundenummer av Brønnøysundregistra, òg gir opp dette nummeret.

Saksreferanse for innsendar/attention
Her kan innsendaren gi opp eigen referanse for saka, om det er ønskjeleg.

9 Andre merknader/opplysningar

Her kan du gje tilleggsopplysningar som kan vere viktige for registreringa. Legg ved eit eige ark dersom det blir for liten plass.

10 Underskrift

Meldinga må vere underskriven for at ho skal bli godkjend. Meldinga skal underskrivast av innehavar i enkeltpersonføretak, dagleg leiar eller kontaktperson for andre einingar. Den som skriv under på meldinga, stadfestar at dei opplysningane som er gitt er riktige, og at han/ho er kjend med at det er straffbart å gi uriktige opplysningar, sjå straffelova § 189.