Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Søknad om d-nummer

Sist oppdatert: 15. mars 2019 .

Vi har to ulike skjema for søknad om d-nummer: BR1015 og BR1016.

Søknadsskjema BR1015 blir brukt av utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer frå før, men som har behov for d-nummer i samband med registrering i Brønnøysundregistera, jamfør folkeregisterforskrifta § 2-2-3 bokstav c og d.

Du må sende søknaden saman med papirversjonen av Samordna registermelding eller dokument du skal tinglyse. Du kan ikkje sende inn søknad om d-nummer aleine.

Rettleiing til utfylling finn du i sjølve skjemaet.

Søknadsskjema for nedlasting:

Søknad om d-nummer for person i samband med registrering og tinglysing i Brønnøysundregistera – BR1015

PDF-formatBokmålNynorskEnglish

Søknadsskjema BR1016 blir brukt av utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer frå før, men som har behov for d-nummer for å kunne utføre rapporteringsoppgåver i Altinn på vegner av allereie registrert rolleinnehavar som nemnt i folkeregisterforskrifta § 2-2-3 bokstav d.

Rettleiing til utfylling finn du i sjølve skjemaet.

Søknadsskjema for nedlasting:

Søknad om d-nummer – BR1016

PDF-formatBokmålNynorskEnglish