Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Rettleiing til skjema for registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Sist oppdatert: 11. mars 2019 .

Om bruk av del 2

Samordna registermelding del 2 skal brukast av dei som startar eller overtar næringsverksemd med omsetning som kjem inn under meirverdiavgiftslova sine føresegner.  Skjemaet skal også brukast ved endring, opphøyr, nedlegging eller overdraging av avgiftspliktig næringsverksemd.

Slik fyller du ut skjemaet

1 Namn/føretaksnamn

Dette feltet skal du berre fylle ut dersom del 2 blir sendt inn aleine (ikkje saman med del 1). Før i så fall alltid opp organisasjonsnummeret. Om verksemda ikkje har fått organisasjonsnummer av Einingsregisteret, det vil seie ikkje er registrert tidlegare, må Samordna registermelding del 1 alltid fyllast ut.

Før opp namnet/føretaksnamnet verksemda blir driven under.

Er eininga registreringspliktig etter lov om registrering av føretak (21. juni 1985), må ho vere registrert i Føretaksregisteret før ho kan bli registrert i Meirverdiavgiftsregisteret. Namnet/føretaksnamnet som skal førast opp, er i så fall det same som eininga er registrert med i Føretaksregisteret, og som står på firmaattesten.

2 Melding om avgiftspliktig verksemd

Her kryssar du av for kva meldinga gjeld. Hugs å føre opp dato.

Start, gjenopptaking eller overtaking av verksemd

Her fører du opp tidspunktet for start, gjenopptaking eller overtaking av næringsverksemda med omsetning av varer og tenester som kjem inn under merverdiavgiftslova sine føresegner. Ved kjøp/overtaking av verksemd som allereie er i drift, skal felt 7 også fyllast ut.

Endring av opplysningar

Hugs alltid å fylle ut eininga sitt namn/føretaksnamn og det organisasjonsnummeret eininga har fått. Fyll elles ut berre dei felta som endringa gjeld. Ved fjerning (sletting) av ei opplysning skriv du «går ut» i det aktuelle feltet. Gi også opp frå kva tidspunkt endringane gjeld.

Opphøyr (nedlegging) av verksemd

Du må alltid gi opp frå kva tidspunkt det blir meldt opphøyr/nedlegging eller sal/overføring av den avgiftspliktige verksemda. Ved opphøyr/nedlegging av verksemd skal felt 9 også fyllast ut. Ved sal/overføring av verksemd skal felt 8 også fyllast ut.

3 Opplysning om omsetning

Du må opplyse om verksemda si omsetning. På Skatteetaten sine nettsider, under tema «Merverdiavgift», står det meir om korleis meirverdiavgiftslova skil mellom avgiftspliktig, friteke og unnateke omsetning. Brosjyren er tilgjengeleg på www.skatteetaten.no eller du kan få han ved å vende deg til Skatteopplysninga. Fyll inn type omsetning og sum i skjemaet.

For å bli registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, må eininga ha hatt omsetning som er omfatta av meirverdiavgiftslova på meir enn NOK 50 000 i løpet av ein periode på tolv månader. For velgjerande og allmennyttige institusjonar og organisasjonar er grensa NOK 140 000. Opplysning om når beløpsgrensa blei nådd må du gi opp for å kunne registrere eininga frå riktig termin. Avgiftspliktig omsetning og omsetning som er friteke, blir rekna med i beløpssgrensa på NOK 50 000 (NOK 140 000). Omsetning som er unnateke frå avgiftsplikt i meirverdiavgiftslova tel ikkje med.

Dokumentasjon på at omsetninga har overstige beløpsgrensa skal sendast inn saman med skjemaet.

Det er dessutan eit vilkår for å bli, og halde fram med å vere, registrert i Meirverdiavgiftsregisteret at den avgiftspliktige omsetninga skjer i næring. Om verksemda blir drive i næring kjem an på ei konkret vurdering i kvart einskild tilfelle. Sjå ytterlegare informasjon på skatteetaten.no. Eit sentralt moment ved denne vurderinga er om verksemda er eigna til å gi økonomisk overskot. Det er derfor viktig at det blir ført opp sum for forventa omsetning, og innkjøp til verksemda som er gjort og planlagde.

Det er ikkje høve til å melde meirverdiavgift i salsdokument før du er registrert i meirverdiavgiftsregisteret. Når du passerer beløpsgrensa, må du straks melde frå om dette til avgiftsmyndigheitene. Inntil du får tilsend registreringsstadfesting, skal du fakturere utan avgift. Når du har passert omsetningsgrensa, må du derfor samtidig med utskriving av fakturaer gjere kundane merksame på at det vil bli sendt ein eigen faktura på berre meirverdiavgifta når registrering har funne stad.

Førehandsregistrering

Dersom omsetninga ikkje har overstige beløpsgrensa for registrering men blir venta å gjere det på eit seinare tidspunkt, kan du søke om førehandsregistrering.

Førehandsregistrering kan innvilgast i to tilfelle:

  • Når det er svært sannsynleg at beløpsgrensa vil bli nått innan tre veker frå det tidspunktet omsetninga startar.
  • Når det er gjort monalege innkjøp før verksemda får omsetning.

Det er eit krav for å få innvilga førehandsregistrering etter punkt 2, at verksemda ved normal drift vil ha ei omsetning som ligg godt over beløpsgrensa for registrering etter merverdiavgiftslova § 2-1 fyrste ledd. Vidare må aktiviteten reknast som næringsverksemd. Den som er førehandsregistrert, er avgiftspliktig for heile omsetninga si frå registreringstidspunktet. Du må gi opp kva tidspunkt verksemda søker førehandsregistrering frå. Førehandsregistrering kan bli innvilga tidlegast med verknad frå den terminen søknaden er motteken. Oppgi også når omsetninga blir venta å overstige beløpsgrensa for registrering.

Store innkjøp

For å bli førehandsregistrert etter punkt 2 ovanfor, må du dokumentere at det er gjort investeringar for minst NOK 250 000 inklusive meirverdiavgift. Søknaden må følgeleg innehalde ei oversikt over investeringar som allereie er gjort i verksemda, dokumentert med vedlagte fakturagjenpartar.

Eit vilkår for å kunne førehandsregistrere seg på grunnlag av monalege innkjøp, er at perioden frå søknaden om førehandsregistreringa kjem inn, til ein ventar å nå beløpsgrensa, er på minst fire månader. For å gjere behandlinga enklare, bør du også legge ved følgande dokumentasjon til del 2 i registreringsmeldinga:

  • Ei skildring av verksemda med oversikt over kva kjøp som skal gjerast i tida fram til ein når beløpsgrensa for registrering.
  • Dersom verksemda må ha konsesjon for drifta si, har motteke offentleg tilskot, større lånetilsegn eller liknande, bør det leggast ved kopi av tilsegnsdokumentet.
4 Særskild registrering

Meirverdiavgiftslova § 2-2

Ved registrering i Meirverdiavgiftsregisteret er utgangspunktet at verksemder som blir drivne av same eigar, skal registrerast som ei avgiftspliktig verksemd. Vi viser til meirverdiavgiftslova § 2-2 første ledd.

Nedanfor er gitt ein kortfatta omtale av dei særskilde registreringsformene som er regulerte i meirverdiavgiftslova § 2-2 andre og tredje ledd. Du finn meir om vilkåra for, og verknadene av dei avvikande einingsdefinisjonane på skatteetaten.no eller ved å vende deg til Skatteopplysninga.

Meirverdiavgiftslova § 2-2 andre ledd

Når det gjeld avgifter, kan ei eining som driv to eller fleire ulike typar verksemd, velje å dele opp verksemda. Dette er regulert i meirverdiavgiftslova § 2-2 andre ledd. Dei ulike delane av verksemda vil, når det gjeld avgifter, bli sett på som to avgiftssubjekt. Dersom du driv verksemd som både blir regulert etter meirverdiavgiftslova og som ikkje blir regulert etter lova, kan du for eksempel velje å skilje ut dette til to einingar. Det vil i så fall berre vere den delen av verksemda som har omsetning innanfor lova som skal registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret. Også to eller fleire avgiftspliktige delar av verksemda kan registrerast separat. I så fall skal alle dei åtskilte delane blir registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret for seg. Ved slik særskild registrering må kvar av dei einskilde delane av verksemda oppfylle registreringsvilkåra og med dette ha hatt omsetning over beløpsgrensa. I felt 12 – Anna – må du i tillegg gi opp organisasjonsnummeret til hovudavdelinga, det vil seie den eininga som har søkt om «oppdeling».

Merverdiavgiftslova § 2-2 tredje ledd

To eller fleire sjølvstendige einingar kan søke om å bli registrert som ei avgiftspliktig verksemd etter føresegna i meirverdiavgiftslova § 2-2 tredje ledd. To einingar som blir registrerte saman etter § 2-2 tredje ledd blir rekna som ei avgiftspliktig verksemd, og det skal ikkje fakturerast med meirverdiavgift ved omsetning mellom einingar som er fellesregistrert. Ved søknad må det opplysast om organisasjonsnummer på dei einingane som skal delta i fellesregistreringa. Det må dessutan opplysast om eigarforholda mellom einingane, og om korleis einingane samarbeider. I felt 12 – Anna – gir du opp organisasjonsnummeret (-nummera) for einingar som inngår i fellesregistreringa.

5 Frivillig registrering

Fleire tenester er unnateke frå meirverdiavgiftslova, og for nokre av desse kan det søkast om frivillig registrering i Merverdiavgiftsregisteret. For tida gjeld det fem slike ordningar som er opplista i skjemaet.

6 Bankkontonummer

Eventuelle avgiftsbeløp du som avgiftspliktig har til gode, vil bli innbetalt til den kontoen som du gir opp til avgiftsmyndigheitene.

Endringar i kontotilhøvet må du melde skriftleg til skattekontoret, slik at avgift kan bli tilbakebetalt til den kontoen du ønsker. Melding om dette må underskrivast av den som kan forplikte verksemda.

Utanlandsk kontonummer

Når utbetalinga skal vere i euro (EUR) mellom EU/EØS land treng du ikkje å fylle ut Bic/Swift.

Om du har valutakonto og ønsker beløpet utbetalt i annan valuta enn ordinær valutakode til landet som IBAN er knytt til, oppgir du valuta.

7 Kjøp/overtaking av avgiftspliktig verksemd

Her må du gi opp organisasjonsnummer (dersom det finst), namn og adresse til den næringsdrivande som verksemda (eller delar av verksemda) er overteke frå.

Du må også føre opp dei aktiva som i tilfelle er overtekne frå den tidlegare eigaren med overtakingssum (kjøpesum). Kryss av for om dei er overtekne avgiftsfritt eller ikkje.

8 Salg/oveføring av avgiftspliktig verksemd

Her gir du opp organisasjonsnummer eller fødselsnummer til den som har overteke verksemda (eller delar av verksemda). Du må også føre opp dei aktiva som i tilfelle er overdregne med overdragingssum (salssum), og krysse av for om dei er overdregne (selde) avgiftsfritt eller ikkje.

9 Driftsmidlar/varer

Ved opphøyr skal du gi opp omsetnadsverdien av varer og driftsmidlar som er tekne ut til eige bruk. Dersom beløpet er avgiftsutrekna, skal du føre opp termin og år for avgiftsutrekninga. For varer som ikkje er selde/overdregne, skal du føre opp bokført verdi og tenkt verdi. I tillegg skal du føre opp om det etter dags dato vil finne stad sal eller uttak til eige bruk av midlane som står igjen i verksemda.

10 Diverse spørsmål

Spørsmåla i felt 10 gjeld spesielt for enkeltpersonføretak med tenesteytande verksemd. Om du svarer «ja» på eitt eller fleire av desse spørsmåla, må du legge ved dokumentasjon til del 2 av skjemaet.

11 Terminlengd

Når du har vore registrert i Meirverdiavgiftsregisteret i eitt år, kan du søke om å få levere skattemelding for meirverdiavgift (mva-melding) ein gong i året. Det er ein føresetnad for å få innvilga ein slik søknad at du har sendt inn alle mva-meldingane i rett tid og med riktige sum, og at du har betalt skuldig meirverdiavgift innan fristane. Omsetninga di må vere mindre enn NOK 1 000 000 i løpet av kalenderåret. Fristen for å søke er 1. februar det året du ønsker å levere årleg mva-melding frå. Næringsdrivande innan primærnæringane treng ikkje søke om å få levere mva-melding ein gong i året.

12 Anna

Her kan du gi tilleggsopplysningar som kan vere verdfulle for registreringa. For einingar som søker om særskild registrering i felt 4, skal du oppgi nødvendige opplysningar og anten organisasjonsnummeret til hovudavdelinga (meirverdiavgiftslova § 2-2 andre ledd) eller organisasjonsnummer til dei einingane som inngår i fellesregistreringa (meirverdiavgiftslova § 2-2 tredje ledd).

13 Den/dei ansvarlege si underskrift

Meldinga blir underskriven av verksemda sin innehavar eller av den/dei som har fullmakt til å underskrive. Hugs at ved nyregistrering, endring og opphøyr skal både del 1 og del 2 underskrivast. Dersom fullmektigen underskriv, må fullmakta vedleggast.

Meldinga sender du til

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

eller til

Einingsregisteret
Postboks 900
8910 Brønnøysund.

Del 2 kan du sende inn aleine dersom det blir søkt om registrering i Meirverdiavgiftsregisteret for ei verksemd som allereie er registrert i Einingsregisteret. Men berre dersom dei naudsynte opplysningane i del 1 i Samordna registermelding vart fylde ut den gong verksemda vart registrert i Einingsregisteret. Er blanketten mangelfullt utfylt, vil det ta lengre tid å bli registrert i Meirverdiavgiftsregisteret. Hugs at både del 1 og del 2 skal underskrivast.

Nærmare opplysningar kan du få ved å kontakte Skatteopplysninga på telefon 800 80 000 eller Skatteetaten.no