Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Rettleiing – forenkla registermelding for enkeltpersonføretak

Sist oppdatert: 9. januar 2020 .

Rettleiing til fellesskjema for enkeltpersonføretak, BR1025N, for registrering i

  • Einingsregisteret
  • Føretaksregisteret
  • Meirverdiavgiftsregisteret
  • NAV Aa-registeret
  • Statistisk sentralbyrå sitt Verksemds- og føretaksregister

Slik fyller du ut skjemaet

1 Namn/føretaksnamn

1.1 Fullstendig namn/føretaksnamn på enkeltpersonføretaket

Feltet skal alltid fyllast ut.

Her gir du opp enkeltpersonføretaket sitt fullstendige føretaksnamn og organisasjonsnummer. Gjeld det nyregistrering, tildeler Einingsregisteret organisasjonsnummer.

Føretaksnamn på enkeltpersonføretak skal innehalde etternamnet til innehavaren, til dømes Lars Holm, Holms Bilskadeservice eller Bilskadeservice Holm.

På sida Korleis vel eg namn på selskapet mitt? kan du lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta.

1.2 Eventuelt nytt namn/føretaksnamn

Feltet skal du berre fylle ut dersom du skal melde endring av registrert føretaksnamn. Hugs at det tidlegare registrerte føretaksnamnet skal førast opp i felt 1.1 saman med organisasjonsnummeret. Er enkeltpersonføretaket registrert i Føretaksregisteret, kjem det gebyr på namneendringa. Sjå oversikt over gebyr.

1.3 Eige namn på verksemda

Feltet skal du berre fylle ut dersom føretaket driv verksemd under eit anna namn enn namnet til føretaket. Dersom til dømes det fullstendige føretaksnamnet er Lars Holms Pølsebu, og du berre bruker Grillbua i marknadsføring, korrespondanse og liknande, er det berre sistnemnde namn som skal fyllast inn her.

2 Meldinga gjeld

Ei melding kan gjelde eitt av desse forholda:

  • 2.1 Registrering av enkeltpersonføretak som ikkje er registrert frå før
  • 2.2 Endring av registrerte opplysningar eller nye opplysningar
  • 2.3 Sletting av enkeltpersonføretak

Skal du melde overdraging, overtaking, nedlegging eller stans av verksemda di fyller du ut felt 8 og 9 i skjemaet.

2.1 Enkeltpersonføretak som ikkje er registrert tidlegare

Her skal du berre krysse av dersom enkeltpersonføretaket ditt ikkje er registrert i Einingsregisteret tidlegare.

Du må legge inn dato for start av verksemd i felt 8a. Overtek du ei eksisterande verksemd, må du i tillegg krysse av for kjøp/overtaking av verksemd i felt 8a. Felt 9a fyller du ut med opplysningar om den tidlegare eigaren i verksemda.

2.2 Endringar/nye opplysningar

Kryss av her dersom du ønsker å gjere endringar i dei registrerte opplysningane. Registrering eller sletting i eitt eller fleire av Einingsregisteret sine tilknytte register er også ei endring.

Du fyller berre ut felta for dei opplysningane som skal endrast. Ønsker du å slette registrerte opplysningar, må du merke desse felta i skjemaet med «går ut».

Vi gjer merksam på at det skal betalast gebyr for endring av føretaksnamn for enkeltpersonføretak som er registrerte i Føretaksregisteret. Sjå oversikt over gebyr.

2.3 Sletting av enkeltpersonføretak

Kryss av her dersom enkeltpersonføretaket skal slettast frå alle registera (Einingsregisteret og dei tilknytte registera).

Hugs å føre opp i felt 8b kva som skjer med den verksemda som enkeltpersonføretaket har drive.

Sletting berre frå tilknytte register

Det er fullt mogleg å melde sletting frå andre tilknytte register, utan å bli sletta frå Einingsregisteret.

Sletting i Meirverdiavgiftsregisteret

Du gir melding om opphøyr eller nedlegging i Samordna registermelding del 2 – Tillegg for Meirverdiavgiftsregisteret.

Sletting i Føretaksregisteret

Eit enkeltpersonføretak som ikkje har registreringsplikt i Føretaksregisteret, kan melde sletting i Føretaksregisteret i felt 15.

3 Registrering i andre register

Du fyller ut felt 3 når enkeltpersonføretaket skal registrerast i eit tilknytt register det ikkje er registrert i frå før. Felt 3.3 og 3.4 gjeld registrering av opplysningar i høvesvis NAV Aa-registeret og Statistisk sentralbyrå sitt Verksemds- og føretaksregister.

3.1. Føretaksregisteret

Du har plikt til å registrere enkeltpersonføretaket ditt i Føretaksregisteret dersom du

  • driv handel med varer som er innkjøpte til vidare sal
  • har fleire enn fem tilsette i stilling der dei jobbar meir enn 20 timar per veke, eller
  • skal ta pant i varelager, motorvogner og anna der det blir kravt at pantsettar er næringsdrivande

Har du ikkje plikt kan du likevel registrere føretaket i Føretaksregisteret. Det kjem eit gebyr på registreringa. Sjå oversikt over gebyr.

3.2 Meirverdiavgiftsregisteret

Enkeltpersonføretak med omsetning som kjem inn under føresegnene i lov om meirverdiavgift, pliktar å vere registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret. For å kunne registrere føretaket, må du fylle ut dei nødvendige opplysningane i del 2 av skjemaet. Ved nyregistrering treng du ikkje å sende inn skjema før beløpsgrensa er nådd.

Nærare opplysningar kan du finne på www.skatteetaten.no.

Vi gjer merksam på at registrering også kan gjerast i Altinn.

3.3 Arbeidstakarar/andre som mottek vederlag

Som arbeidstakarar reknar ein alle som er tilsette i teneste hos andre for løn eller anna godtgjersle.

Om du svarer «ja» på at enkeltpersonføretaket har arbeidstakarar, vil du bli kontakta av NAV Aa-registeret som vil gi deg meir informasjon.

3.4 Verksemd på fleire stader

Fleire verksemder kan registrerast, dersom det blir drive næringsverksemd med tilsette på fleire geografiske stader.

For å melde verksemd på fleire adresser, må du fylle ut skjemaet Samordnet registermelding del 1B – tillegg for verksemder på fleire adresser. Dette sender du til oss etter at de har fått organisasjonsnummer.

4 Adressa til hovudkontoret

Du må føre opp norsk forretningsadresse med namn på gate eller veg, eventuelt stadnamn.

5 Postadresse

Om du ønsker at posten skal sendast til ei anna adresse enn forretningsadressa di, kan du føre opp den som postadresse.

6 Gateadressa til verksemda

Fyll ut dette feltet om verksemda går føre seg på ei anna adresse enn forretningsadressa.

7 Innsendar/gebyransvarleg

Innsendaren er mottakar av alle typar tilbakemeldingar som gjeld meldinga. Innsendar er også ansvarleg for å betale eventuelt gebyr til Føretaksregisteret.

Dersom innsendar-feltet ikkje er utfylt, blir tilbakemeldingar og eventuelt krav om gebyr sendt til enkeltpersonføretaket si adresse.

Dersom du tidlegare har fått kundenummer av oss, fører du opp dette nummeret.

8a Start eller kjøp av verksemd

Her skriv du dato for oppstart av verksemda.

Kjøp av verksemd

Gjeld meldinga kjøp av verksemd – til dømes ved at enkeltpersonføretaket ditt tek over eit gardsbruk eller ein kiosk frå eit anna foretak, skriv du dato for overtakinga her.

Her kan du lese meir om start eller kjøp av verksemd.

8b. Sal eller nedlegging av verksemd

Sal av verksemd

Gjeld meldinga sal av ei verksemd, til dømes ved at eit enkeltpersonføretak overdreg ein skobutikk eller frisørsalong til eit anna foretak, skriv du opp dato for overtaking her.

Nedlegging/opphøyr av verksemd

Dersom verksemda blir lagd ned, kryss av for det og fyll ut dato for nedlegging.

Ei verksemd blir lagd ned dersom produksjonen av varer og/eller tenester av ein eller annan grunn tek slutt fullstendig. Verksemda stanser òg dersom:

  • ein ny eigar startar ei heilt ny verksemd eller ny produksjon av varer eller tenester i dei same lokala
  • ein ny eigar flytter heile den tidlegare verksemda til ei ny adresse i ein annan kommune
  • verksemda blir flytta til ein annan kommune og det blir starta ei heilt ny verksemd/produksjon av varer eller tenester av same eigar

Ver merksam på at melding om nedlegging av verksemd ikkje betyr at eininga blir sletta. Vil du slette enkeltpersonføretaket, må du krysse av for Sletting av enkeltpersonføretak i felt 2.3.

9a Kjøp/overtaking av verksemd frå

Her gir du opplysningar om den tidlegare eigaren, om enkeltpersonføretaket ditt har kjøpt eller overteke ei verksemd. Før opp organisasjonsnummeret til den tidlegare eigaren dersom det finst.

Her kan du lese meir om kjøp av verksemd.

9b Sal/overdraging av verksemd til

Her gir du opplysningar om den nye eigaren dersom du har selt/overdrege verksemda i enketpersonføretaket ditt til eit anna føretak. Gi opp organisasjonsnummeret til den nye eigaren dersom det finst.

Her kan du lese meir om sal av verksemd.

10 Verksemd/bransje

Opplysningane om verksemda sine aktivitetar er grunnlaget for å gi næringskode. Næringskoden blir tildelt etter Standard for næringsgruppering (SN2007). Næringskoden blir mellom anna brukt til å lage statistikk der norsk næringsliv/ arbeidsmarknad blir omtalt etter næring/bransje.

Du må gi ei så nøyaktig utgreiing som råd er om den aktiviteten som blir utført eller skal utførast. Ver merksam på at det ikkje er nok å oppgi eit generelt overordna føremål. Du må derfor fylle ut kva slag varer verksemda produserer, kva slag varer ho sel og/eller tenester ho utfører. Pass særleg på å få klart fram kva for bransje verksemda tilhøyrer.

Her er det gitt døme på kor detaljert framstillinga må vere:

  • Jordbruk: Dyrking av korn. Melkeproduksjon på storfe.
  • Transport: Godstransport på veg. Drosjebiltransport.
  • Industri: Produksjon av hushaldnings-, sanitær- og toalettartiklar av papir. Produksjon av byggevarer av plast.
  • Handel: Agenturhandel med tømmer, trelast og byggevarer. Engroshandel med elektriske hushaldningsapparat. Butikkhandel med kjøtt og kjøttvarer.
  • Bygg og anlegg: Grunnarbeid. Oppføring av bygningar.
  • Konsulentverksemd: Bedriftsrådgjevning. Konsulenttenester innan programutvikling av kundespesifiserte program.

Dersom enkeltpersonføretaket driv aktivitet i fleire bransjar, må du føre opp kvar einskild av dei i prioritert rekkefølge etter storleiken på omsetning eller sysselsetting. Set hovudaktiviteten først då denne fastset kva næringskode du vil få.

Ved endring må du føre opp den nye aktiviteten og dato for start. Dersom du starter annan aktivitet i tillegg til aktiviteten du driv frå før, må du føre opp begge i skjemaet.

11 Innehavar, dagleg leiar, forretningsførar

I eit enkeltpersonføretak skal du alltid føre opp innehavaren. Med innehavar meiner vi den personen som har ubegrensa personleg ansvar for pliktene til enkeltpersonføretaket. Før òg opp dagleg leiar og/eller forretningsførar dersom enkeltpersonføretaket ditt har det.

Fyll ut namn, bustadadresse og fødselsnummer eller d-nummer for dei personane som skal registrerast.

D-nummer er eit nummer som kan tildelast utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer, men har eit behov for identifisering overfor norske myndigheiter. Her finn du meir informasjon om d-nummer.

12 Revisor

Dette feltet fyller du ut dersom enkeltpersonføretaket har revisor.

Små enkeltpersonføretak har normalt ikkje revisjonsplikt. Revisjonsplikt startar først når omsetninga er på meir enn 5 millionar kroner og

  • balansen viser eigedelar på over 20 millionar, eller
  • gjennomsnittleg tal på tilsette er på over 20 årsverk

Revisjonsplikta trer i kraft året etter at føretaket blir revisjonspliktig.

Revisoren må vere godkjent av Finanstilsynet og registrert i Revisorregisteret.

Fyll ut revisoren sitt namn eller føretaksnamn, adresse og organisasjonsnummer.

Merk at feltet har plass for underskrifta til revisoren. Dersom revisoren skriv under i dette feltet, er det ikkje nødvendig å legge ved særskild viljeserklæring.

13 Reknskapsførar

Dette feltet skal du berre fylle ut dersom enkeltpersonføretaket har rekneskapsførar.

Rekneskapsføraren må vere autorisert av Finanstilsynet og registrert i Rekneskapsførarregisteret.

Feltet må fyllast ut med rekneskapsføraren sitt namn eller føretaksnamn, adresse og organisasjonsnummer.

Merk at feltet har plass for underskrifta til rekneskapsføraren. Dersom rekneskapsføraren skriv under i dette feltet, er det ikkje nødvendig å legge ved særskild viljeserklæring.

14 Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av føretaket i samband med den daglege drifta.

Her fyller du ut kven som er tildelt prokura. Når du som innehavar av eit enkeltpersonføretak tildeler prokura, gir du andre fullmakt til å opptre på vegner av enkeltpersonføretaket. Du kan gi prokura til dagleg leiar eller andre personar.

Dersom fleire har prokura, må det gå klart fram om dei har retten kvar for seg eller i fellesskap. Avgrensingar utover dette kan ikkje registrerast. Ved endring i prokura må du føre opp alle prokuristar.

Fyll ut namn bustadadresse og fødselsnummer eller d-nummer for dei personane som skal registrerast.

D-nummer er eit nummer som kan tildelast utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer, men har eit behov for identifisering overfor norske myndigheiter. Her finn du meir informasjon om d-nummer.

15 Andre merknader/opplysningar

Her melder du opplysningar som ikkje kan meldast i dei andre felta i skjemaet.

  • Egenavgang. Før opp kva for rolle(r) du melder avgang frå.
  • Særskild sletting frå Føretaksregisteret, sjå rettleiinga til felt 2.3.
16 Ønske om målform

Vel om skriftleg kommunikasjon med enkeltpersonføretaket skal gå føre seg på nynorsk eller bokmål.

17 Varslingsadresse

Varslingsadresse er ei pliktig opplysning.

Varslingsadresse skal berre leggast inn på nye føretak.

Varslingsadressene vil bli brukt av det offentlege for å varsle føretaket når viktige meldingar er tilgjengelege i Altinn. Opplysningane er berre tilgjengelege for offentlege myndigheiter.

Skal du endre desse opplysningane seinare, gjer du det under profilen til føretaket i Altinn.
Føretaket må ha minst ei varslingsadresse.

18 Underskrifter

Meldinga må vere underskriven av deg som innehavar for å bli godkjend.

Når du skriv under meldinga, stadfestar du at opplysningane som er gitt er rette, og at du er kjend med at det er straffbart å gi urette opplysningar.