Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Konsernmelding

Sist oppdatert: 5. november 2019 .

Konsernmelding skal bare leverast om eininga inngår i konsern eller føretaksgruppe.

Papirskjema for nedlasting

Konsernmelding – BR1019 (PDF)


Slik fyller du ut skjemaet

1. Innsendar

Før opp innsendar om det er ein annan enn eininga som er oppført i felt 2. Innsendaren vil få tilbakemelding om registreringane i Einingsregisteret. Det same vil morselskapet og de einingane det gjeld i konsernstrukturen.

2. Melding for

Her fører du opp organisasjonsnummer og namn på den eininga meldinga gjeld.

3. Opplysningar om morselskap

Om eininga har eit morselskap, før opp morselskapet her med organisasjonsnummer, namn og eigarforhold.

Kryss av i rubrikken for «ny eining i konsern» om meldinga gjeld nye einingar i eksisterande konsern eller nytt konsern som ikkje er registrert i Einingsregisteret tidlegare.

Kryss av i rubrikken for «endring i konsernforhold» om meldinga gjeld andre endringar i konsernstrukturen, for eksempel endra eigarandel eller grunnlag.

Kryss av i rubrikken for «konsernforholdet er opphørt» om eininga har gått ut av konsernet.

4. Opplysninger om datterselskap

Om eininga har dotterselskap, før opp det (desse) her med organisasjonsnummer, namn og eigarforhold. Bruk fleire blankettar om det er for få felt. Om eininga også skal melde dotterdotter og eventuelt fleire nivå i nedoverstigande rekkefølge, må ein bruke ein ny blankett for kvart nivå.

Kryss av i rubrikken for «ny eining i konsern» om meldinga gjeld nye einingar i eksisterande konsern eller nytt konsern som ikkje er registrert i Einingsregisteret tidlegare.

Kryss av i rubrikken for «endring i konsernforhold» om meldinga gjeld andre endringar i konsernstrukturen, for eksempel endra eigardel eller grunnlag.

Kryss av i rubrikken for «konsernforholdet er opphørt» om eininga har gått ut av konsernet.

5. Andre merknader

Plass for eventuelle merknader, for eksempel opplysningar om indirekte eigarforhold eller avtale.

6. Underskrift

Meldinga skal underskrivast av dagleg leiar, forretningsførar eller annan kontaktperson for den eininga som er oppført i felt 2 i skjemaet.

Underskrifta må vere original og skjemaet må sendast inn pr. post.

 

 

Einingar utan organisasjonsnummer

Om mor- og/eller dotterselskap ikkje er registrert i Einingsregisteret og heller ikkje er pliktig registrert, for eksempel utanlandske einingar som ikkje driv verksemd i Noreg, må desse opplysningane bli meldt i felt 5 i blanketten eller på eige ark:

  • namn/føretaksnamn
  • forretningsadresse
  • organisasjonsform
  • stiftelsesdato
  • formål (art/bransje)
  • dagleg leiar, forretningsførar eller annan kontaktperson med fødselsnummer eller d-nummer

Det er ønskeleg at du fører opp ein norsk kontaktperson for alle einingane, sidan registreringsstadfestingane som blir sende ut frå Einingsregisteret er på norsk.

Om du likevel ønsker å føre opp ein utanlandsk kontaktperson, må du føre opp d-nummeret til denne personen.

Vedlegg

Om eininga har eit organisasjonskart som viser konsernstrukturen, kan du legge dette ved i staden for å fylle ut skjemaet.

NB! Hugs å føre opp eininga sitt organisasjonsnummer og eigarforhold/andelar på organisasjonskartet.