SprĂĄk
Søk
Meny

Søk


Velg sprĂĄk



BokmĂĄl

Alt innhold er tilgjengelig pĂĄ bokmĂĄl

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg pĂĄ nynorsk

Tingsrettsleg sameige

Sist oppdatert: 29. januar 2020 .

I eit tingsrettsleg sameige er det felles eigarskap som blir registrert, ikkje felles drift eller interesse.

Eit tingsrettsleg sameige er ein måte to eller fleire personar (fysiske eller juridiske, offentlege eller private) kan eige ein eller fleire formuegjenstandar på. Eit tingsrettsleg sameige er ingen juridisk person, slik som for eksempel eit aksjeselskap, ansvarleg selskap eller ei foreining. Sameiget har dermed ingen rettar eller plikter, fordi det er sameigarane som er ansvarlege.

Sameigarane har delt ansvar og eig ein ideell del kvar. Det vil seie ein del som blir ført opp i prosent eller brøk. Totalt eig sameigarane 100 prosent av det som inngår i sameiget. Om det blir driven næringsverksemd med sameigetingen, er det ikkje eit tingsrettsleg sameige, men eit selskap som må registrerast i Føretaksregisteret. Dette blir regulert av selskapsloven.

Lag som har vedtekter fastsett ved jordskiftedom, der vedtektene har reglar for eit eigarlag med medeigarar, skal registrerast i Einingsregisteret som eit tingsrettsleg sameige.