Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Stiftelse av samvirkeføretak

Sist oppdatert: 18. september 2019 .

For å stifte et samvirkeføretak må det opprettast eit stiftelsesdokument.

Stiftelsesdokumentet skal innehalde

  • namn/føretaksnamn, adresse og fødselsnummer/organisasjonsnummer til stiftarane
  • namn, adresse og fødselsnummer til dei som skal vere medlemmar av føretaket sitt styre
  • opplysningar om kven som eventuelt skal vere revisor for selskapet
  • vedtektene til føretaket

Stiftarane har inga plikt til å gjere innskot ved stiftelsen, men dersom det skal gjerast innskot skal dette gå fram av stiftelsesdokumentet.

Stiftelsesdokumentet må daterast og underteiknast av alle stiftarane. Når alle stiftarane har skrive under stiftelsesdokumentet, er medlemskapen teikna og føretaket stifta.

Stiftelsesdokumentet skal også vise eventuell informasjon om

  • innskot i samband med stiftelsen skal kunne gjerast opp med andre eigedelar enn pengar
  • nokon skal ha særskilde rettar ved stiftelsen
Krav til innhald ved innskotskapital

Samvirkeføretak har ikkje krav til minstekapital og kan derfor bli stifta utan kapitalinnskot. Stiftarane kan også gjere innskot ved stiftelsen.

Dersom det er gjort innskot i samband med stiftelsen, må stiftelsesdokumentet også opplyse om

  • det beløpet kvar stiftar skal betale
  • summen av innskota
  • tidspunkt for oppgjer av innskota

Skal innskot gjerast opp i anna enn pengar (tingsinnskot), må stiftelsesdokumentet også opplyse om

  • kva eigedelar det gjeld
  • namn og adresse til den som gjer innskotet
  • kva vilkår som gjeld

Før føretaket kan bli registrert i Føretaksregisteret, må innskotskapital vere fullt innbetalt.

IkonSjå eksempel på stiftelsesdokument for Samvirkeføretak (PDF)

Vedtektene skal minst innehalde opplysning om

  • føretaksnamn
  • kommunen kor føretaket skal ha forretningskontoret sitt
  • verksemda til føretaket
  • storleiken på eventuelle partsinnskot, om dei skal bli forrenta og om dei skal bli betalt tilbake ved utmelding
  • om det skal betalast medlemskontingent
  • korleis årsoverskotet skal kunne nyttast
  • talet på styremedlemmar, eller lågaste og høgste moglege tal på styremedlemmar
  • kva for saker som skal bli behandla på det ordinære årsmøtet
  • korleis nettoformuen skal bli fordelt ved oppløysing

Dersom føretaket vel å ha unntak for krav til dagleg leiar og/eller mindre enn tre styremedlemmar, skal dette gå fram av vedtektene.

Eit samvirkeføretak skal registrerast i Føretaksregisteret.

Frist for registrering er tre månader frå stiftelsesdokumentet er underskrive.