Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Sletting av samvirkeføretak

Sist oppdatert: 18. september 2019 .

Sletting av eit samvirkeføretak melder du i to trinn.

Først melder du oppløysing. Når kreditorfristen på seks veker er ute, kan du melde sletting.

Oppløysing

Hovudregelen er at årsmøtet vedtek at selskapet skal oppløysast.

Ved vedtak om oppløysing skal årsmøtet også velje eit avviklingsstyre. Dette styret vil tre inn for dagleg leiar og det sittande styret. Årsmøtet kan vedta at det sittande styret skal vere avviklingsstyre.

Det er ikkje sett ein absolutt frist for når du må melde oppløysinga til Føretaksregisteret, men ifølge samvirkelova skal dette skje straks avviklingsstyret er vald.

Du må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som viser vedtak om oppløysing og val av avviklingsstyre

Dersom det blir vald nye styremedlemmar til avviklingsstyret, må desse stadfeste at dei tek på seg oppdraget. Dette gjer dei ved å signere meldinga.

Sletting

Årsmøtet kan vedta å slette føretaket når kreditorfristen på seks veker er ute.

Ved vedtak om sletting, må årsmøtet godkjenne den endelege avviklingsrekneskapen. For samvirkeføretak som har revisjonsplikt etter revisorlova, skal avviklingsrekneskapen vere revidert.

Du må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som viser at avviklingsrekneskapen er blitt godkjend

Dersom føretaket har revisjonsplikt etter revisorlova, må det gå fram av protokollen at avviklingsrekneskapen som blir godkjend er revidert.

Omgjering av oppløysing

Årsmøtet kan gjere om vedtak om oppløysing. Da må eventuelle utdelingar av midlar til medlemmene førast tilbake til føretaket.

Du må raskt melde omgjeringa til Føretaksregisteret.

Ved omgjering må generalforsamlinga også velje ordinært styre.

Du må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som viser vedtak om omgjering av oppløysing og val av styre

Om det blir vald nye styremedlemmer til styret må desse bekrefte at dei tar på seg oppdraget. Dette gjer dei ved å signere meldinga.