Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Roller i samvirkeføretak

Sist oppdatert: 18. september 2019 .

Pliktige roller i eit samvirkeføretak er medlemmar og styre.

Føretaket skal i utgangspunktet også ha dagleg leiar. Rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.

Selskapet har revisorplikt på visse vilkår. Dette kan du lese meir om under revisor.

Årsmøtet er øvste myndigheit i eit samvirkeføretak.

Dagleg leiar

Eit samvirkeføretak skal som hovudregel ha dagleg leiar. Dersom føretaket ikkje skal ha dagleg leiar, må dette gå fram av vedtektene.

Forretningsførar og kontaktperson

Eit samvirkeføretak kan ha forretningsførar. Dette kan vere ein fysisk eller juridisk person. Døme på juridiske personar er aksjeselskap, allmennaksjeselskap og ansvarlege selskap.

Dersom føretaket har bestemt at dei ikkje skal ha dagleg leiar og heller ikkje har forretningsførar, kan dei føre opp ein kontaktperson.

Styre

Som hovudregel skal styret bestå av minst tre medlemmar. Styret skal ha ein leiar. Årsmøtet vel styre.

Samvirkeføretaket kan bestemme at styret skal ha to medlemmar, men da må dei velje minst ein varamedlem. Dette må gå fram av vedtektene.

Minst halvparten av medlemmene i styret skal vere busette i Noreg, eller vere statsborgarar i ein EU/EØS-stat og busette i ein EU/EØS-stat.

Styret er ansvarleg for drift og organisering av samvirkeføretaket.

Revisor

Eit samvirkeføretak blir rekneskapspliktig når inntektene overstig 2 millionar og revisjonspliktig når inntektene overstig 5 millionar.

Revisor blir vald av årsmøtet.

Revisor må stadfeste at han tar på seg oppdraget.

Treng du meir informasjon, sjå revisorlova § 2-1.

Rekneskapsførar

Eit samvirkeføretak kan velje om dei skal ha rekneskapsførar. Dersom føretaket nyttar rekneskapsførar, skal dette registrerast i Einingsregisteret.

Det er berre mogleg å registrere autoriserte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.

Rekneskapsføraren må stadfeste at han tek på seg oppdraget.

Medlemmar

Eit samvirkeføretak må alltid ha minst to medlemmar. Opplysningar om medlemmar skal ikkje registrerast hos oss.

Signatur

Signatur er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga i alle samanhengar.

Dersom ikkje anna er bestemt i vedtektene, er det styret i føretaket som har signatur i fellesskap. Styret kan tildele signaturretten til eit utval styremedlemmar, til dagleg leiar eller namngitte tilsette.

Signaturretten kan kallast tilbake når som helst.

Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga. Innehavaren av prokura vert kalla prokurist.

Prokura kan ikkje brukast til å hefte eller selje føretaket sin faste eigedom.

Ein person som har prokura kan ikkje overføre han til ein annan person. Eit samvirkeføretak kan gi prokura til ein eller fleire personar. Dersom det er fleire, kan ein velje om dei skal ha fullmakt kvar for seg, eller i fellesskap.

Prokura kan kallast tilbake når som helst.