Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fusjon ved opptak (SA)

Sist oppdatert: 18. september 2019 .

Fusjon ved opptak melder du til Føretaksregisteret i to trinn.

Disse to trinna er vedtak om fusjon og gjennomføring.

Vedtak om fusjon

Frå føretaka som tek del i fusjonen har vedteke å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde vedtak om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå når det siste føretaket har godkjent fusjonsplanen.

Fristen gjeld ikkje dersom fusjonen krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Då skal fusjonen meldast til Føretaksregisteret innan ein månad etter godkjenning frå Stiftelsestilsynet.

Dersom meldinga ikkje blir send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.

Overdragande føretak må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som har godkjent fusjonsplanen
  • eventuell godkjenning frå Stiftelsestilsynet

Overtakande selskap må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som har godkjent fusjonsplanen
  • eventuell godkjenning frå Stiftelsestilsynet

Dersom fusjonen fører til at medlemmane av det overdragande eller overtakande føretaket får krav på ein større del av dei midlane som står att ved oppløysinga, må godkjenning frå Stiftelsestilsynet leggast ved.

Ønskjer du meir informasjon om vedtak om fusjon ved opptak, sjå samvirkelova kapittel 8.

Gjennomføring av fusjon

Etter at du har meldt vedtak om fusjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføring av fusjon. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.

Desse dokumenta må leggast ved meldinga

Det er ingen krav til vedlegg for slettemelding.