Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fusjon mellom mor- og dotterselskap i samvirkeføretak

Sist oppdatert: 18. september 2019 .

Fusjon mellom mor- og dotterselskap melder du til Føretaksregisteret i to trinn.

Desse to trinna er vedtak om fusjon og gjennomføring.

Vedtak om fusjon

Frå føretaka som tek del i fusjonen har vedteke å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde vedtak om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad tar til å løpe når det siste føretaket har godkjent fusjonsplanen.

Desse dokumenta må leggast ved meldinga

Overdragande dotterselskap skal legge ved

  • protokoll frå styremøte som viser godkjenning av fusjonsplanen

Overtakande morsselskap skal legge ved

  • protokoll frå styremøte som viser godkjenning av fusjonsplanen
Gjennomføring av fusjon

Etter at du har meldt vedtak om fusjon og kreditorfristen har gått ut, kan du melde gjennomføring av fusjon. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.

Desse dokumenta må leggast ved meldinga

Det er ingen krav til vedlegg for slettemelding.