Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fisjon ved deling av samvirkeføretak

Sist oppdatert: 18. september 2019 .

Fisjon ved deling skjer ved at det overdragande føretaket beheld delar av verdiane i føretaket, medan andre delar av verdiane vert overførte til eit eller fleire overtakande føretak.

Ved fisjon vil alle, eller nokre, av medlemmane i det overdragande føretaket få medlemskap i eit eller fleire av dei overtakande føretaka.

Fisjon ved deling melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er vedtak om fisjon og gjennomføring.

Vedtak om fisjon

Frå føretaka som tek del i fisjonen har vedteke å godkjenne fisjonsplanen, har du ein månads frist til å melde vedtak om fisjon til Føretaksregisteret. Dersom det er fleire eksisterande partar i fisjonen, blir fristen rekna frå det siste føretaket har godkjent fisjonsplanen.

Dersom meldinga ikkje blir send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.

Overtakande føretak som blir stifta ved fisjon skal ikkje sende inn melding før etter utløpet av kreditorfristen.

Overdragande føretak må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet der fisjonsplanen blei godkjend

Eventuelle eksisterande overtakande føretak må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet der fisjonsplanen blei godkjend

Dersom fisjonen fører til at medlemmane av det overdragande eller overtakande føretaket får krav på ein større del av dei midlane som står att ved oppløysinga, må godkjenning frå Stiftelsestilsynet leggast ved.

Gjennomføring av fisjon

Etter at du har meldt vedtak om fisjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføring av fisjon.

Desse dokumenta må du legge ved meldinga

Det er i utgangspunktet ingen krav til vedlegg for overdragande føretak og eksisterande føretak.

Eventuelle overtakande føretak som blir stifta ved fisjon skal legge ved

  • stiftelsesdokument med vedtekter

Ved tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar) må du legge ved

  • opningsbalanse som er underteikna av stiftarane

Dersom føretaket har bank- eller forsikringsverksemd som formål, må du legge ved

  • godkjenning/konsesjon frå Finanstilsynet