Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik registrerer du endringar for eigarseksjonssameige

Sist oppdatert: 23. juni 2020 .

Dersom du ønsker å gjere endringar for eit eigarseksjonssameige, kan du gjere dette ved å sende inn Samordna registermelding

Korleis registrerer eg nytt styre?

Du registrerer nytt styre ved å sende inn Samordna registermelding.

Styret må veljast av årsmøtet.

Du må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket

Ved registrering i Føretaksregisteret må

  • styremedlemmane stadfeste at dei tek på seg vervet
Korleis registrerer eg ny signatur?

Når eigarseksjonssameiget endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding.

Du må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som viser tildeling av signatur

og

  • oppdaterte vedtekter som inneheld signaturregelen
Korleis registrerer eg revisor?

Du registrerer revisor ved å sende inn Samordna registermelding.

Revisor må veljast av årsmøtet og stadfeste i skjemaet at han tår på seg seg vervet.

Du må legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket
Korleis registrerer eg rekneskapsførar?

Du registrerer rekneskapsførar ved å sende inn Samordna registermelding. Rekneskapsførar må stadfeste at han tek på seg valet ved å signere Samordna registermelding.

 

Korleis kan eg fråtre rolla mi i selskapet?

Alle rolleinnehavarar kan melde eigenfråtreding. Når du fråtrer, gir du avkall på alle rettigheiter og plikter som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding. Når fråtredinga er registrert, vil både eigarseksjonsameiget og du som fråtrer bli varsla om dette.