Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Stifte og registrere bustadbyggelag

Her kan du registrere bustadbyggelag, og du kan sjå kva krav som gjeld ved stiftelse og registrering.

Eit bustadbyggelag skal registrerast i Føretaksregisteret. Fristen er tre månader frå stiftelsesdokumentet er underskriven av stiftarane.

For å stifte eit bustadbyggelag må stiftarane oppretta eit stiftelsesdokument

Stiftarane er dei som skal teikne delane i laget. Det må vere minst tjue deleigarar når bustadbyggelaget blir stifta, og delane skal teiknast i stiftelsesdokumentet. Fysiske personar kan berre eige ein del kvar, mens juridiske personar, som for eksempel eit aksjeselskap, kan eige fleire delar.

Delane skal vere på minst kr 300, men ikkje større enn kr 5 000 og andelskapitalen ved stiftelse skal minst vere kr 100 000. De kan fastsette i vedtektene at delane skal ha ulikt pålydande.

Registrere bustadbyggelaget

Når du skal registrere eit bustadbyggelag må du legge ved

  • stiftelsesdokument
  • vedtekter
  • opningsbalanse
  • stadfesting frå revisor om at opningsbalansen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine føresegner
  • erklæring frå revisor om at han tar på seg oppdraget
  • erklæring frå revisor som viser innbetaling

Styremedlemmene må stadfeste i Samordna registermelding at dei tar på seg vervet. Det same må ein eventuell rekneskapsførar gjere.

Krav til stiftelsesdokument

Stiftelsesdokumentet skal minst innehalde

  • bustadbyggelaget sitt namn
  • vedtekter
  • namn og fødselsnummer eller organisasjonsnummer for alle stiftarane
  • opplysning om kven som er vald til styre og revisor
  • oversikt over kven som eig delane

Når stiftelsesdokumentet er underskriven av alle stiftarane, er delane teikna og laget stifta.

Krav til vedtekter

Vedtektene skal minst innehalde opplysning om

  • namn på bustadbyggelaget, som skal innehalde ordet bustadbyggelag eller forkortinga BBL
  • kommune der bustadbyggelaget skal ha forretningskontoret sitt
  • kva for ei verksemd laget skal drive i tillegg til hovudverksemda
  • pålydande verdi på delane
  • lågaste og høgaste tal på styremedlemmer
  • at den ordinære generalforsamlinga skal behandle
    • godkjenning av årsrekneskapen og årsmeldinga
    • andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under generalforsamlinga